Velkomen til familiedag laurdag 17 november!

Sogndal folkehøgskule ynskjer dykk velkomne til familiedag på skulen laurdag 17 november. Vi håpar de kan nytte dette høvet til å bli litt betre kjende med oss og folkehøgskulelivet.

PROGRAM

Laurdag 17. november

  • Kl. 08. - 08.30: Frukost for elevane.

  • Kl. 09.30: Morgonsamling i A-sal. Alle er velkomne!

  • Kl. 10.00 - 13.00: Aktivitetar saman med elevane. Linjene presenterer seg.

  • Kl. 13.00: Graut/kaffi.

  • Kl. 14.00 - 14.45: Om folkehøgskulen, spørsmål og svar for dei som vil i A-sal.

  • Kl. 18.00: Middag.

  • Kl. 20.00: Festkveld m/elevprogram i gymsal.
    Kaffi i peisestova.

 

Påmelding: meld deg på her

Vi ber om påmelding på innan måndag 05.11.2018

 

PRAKTISK INFORMASJON.

Overnatting.

Vi kan vi dessverre ikkje tilby overnatting på skulen. Følgjande mulegheiter finst i nærleiken: 

Om dere kjem med bil og ikkje treng å bu midt i sentrum kan vi anbefale å sjekke ut desse nettsidene under. Dei ligg i avstanden ca. 15-30 min, og er vel verdt eit besøk!

Rødseter Inn (Fjærland)

Walaker Hotell (Solvorn)

Bestebakken (Hafslo)

Familiedagen kostar inkl. laurdagsgraut, middag og kaffi,-  kr. 300,- (born under 12 år kr. 150,-)  Betaling ved påmelding til konto 30003752301 eller via Vipps (#74487). Merk betalingen med eleven sitt namn.

          

 

Med helsing alle på Sogndal folkehøgskule

Ole Karsten Birkeland, 
Rektor