Skred

Eit praktisk og teoretisk valfag for deg som er over gjennomsnittet interessert i snø og skred. Fokuset er på snøens eigenskapar; korleis den formast og forandrast gjennom vinteren og korleis dette har innverknad på våre val av veg på vinterstid.

Du vil lære om forskjellige typar snø og metodar for å vurdere snøens fastheit og struktur. Du vil lære å forstå språk og symboler brukt i den offentlege skredvarslingstenesta slik at du kan vere i stad til å formidla dette vidare til andre. Faget passar for alle! Du treng ski med feller enten alpin-turski, telemark- eller fjellski, samt ei lupe.

 

Pris: ein betalar for transportutgifter for turane vi skal på, ca. 300-400 kr.  

Fra skrot til skatt

Du skaffer deg et brukt møbel fra gjenbruksbutikken og pusser den opp i din helt egen stilart, retro, romantisk eller punk, kun fantasien setter grenser. Vi bruker decoupage og gamle tapeter og maling, evt nye håndtak m.m. For hver gang er det et gjenbrukstips. Pris er det du bataler for møblet dit + litt for maling. Her kan du lage et virkelig cool møbel til din kommende hybel.

Ski

Valgfag ski er for alle som vil lære seg å svinge med sine egne ski, altså om du har telemark, alpint, Randonee eller fjellski så er dette valgfaget for deg. 
Undervisningen foregår på kveldstid i Hodlekve skisenter. 
 

Pris: Heiskort: 150kr pr gang (hvis du ikke har sesongkort)
Transport: Tur retur, 20 min - Bil/buss avhengig av antall elever (cirka 50kr) 

Band

Har du lyst å oppleve gleda ved å spele saman med andre? Her kan du starte opp og spele i band. Saman med resten av bandet skal du være med å skape eit uttrykk og velje korleis du vil spele musikken. Valfaget avsluttast med open scene kor elevane har ansvar for å arrangere konsert for medelevar. Her kan dere framføre sjølve eller invitere medelevar på scenen for konsert! For å væra med på faget må du ha tatt i eit instrument før og kunne nokon akkordar. Resten finn vi ut av saman! 

Pris 300kr 

 

Kreativ skriving

Gode tekstar skal gneistra, og å skriva dei skal vera moro. Gløym særemne, eksamenar, formelle brev og artiklar ei lita stund - og ta eit litterært sidespor på kreativ skriving. Du får kunnskap innanfor eit breitt utval tøff litteratur, og skriv tekstar du aldri hadde trudd du kunne. Viss det finst ein boks skal vi tenkja utanfor han.

Roadtrip

Dersom det er eit par elevar med bil tar vi like godt ein roadtrip gjennom Sogn og Fjordane. Vi reiser i tre dagar frå Indre Sogn heilt ut i havgapet og dokumenterer og filmar undervegs. Vi stopper undervegs og besøker karakteristiske småsamfunn og nokre av dei mange vakre naturperlene i fylket.