Sykkel og ski

Sogndal er kjend for flotte toppturar på ski, men dei siste åra har òg stisykling blitt veldig populært. No kan du kombinere sykkel og ski midt i dei villaste og vakraste naturområder i Sogn. På denne linja reiser du på to lengre studieturar i løpet av året.
Sykkel og ski har nettopp hovudfokus på sykkel og ski, men du vil også få oppleve andre frilufts-aktivitetar i Sogn; frå det grunnleggjande friluftslivet til brevandring, klatring, surfing på Stadt, og mektige toppturar.