Sykkel og ski

Sogndal er kjent for flotte toppturar på ski, men dei siste åra har også stisykling blitt veldig populært.
No kan du kombinere sykkel og ski midt i dei villaste og vakraste naturområder i Sogn. Studietur til Danmark og Nepal!

Du vil også få oppleve andre friluftsaktivitetar i Sogn; frå det grunnleggjande friluftslivet til brevandring, klatring og bølgesurfing.

 
 

Litt meir om linja

Sykkel
Med utgangspunkt i skulen har vi tilgang til noko av den beste stisyklinga du finn i Noreg.  Både dei legendariske stiane i Kaupangerskogen, samt fantastiske stiar i høgfjellet blir vår leikeplass. Vi kjem òg til å reise på eventyr til andre stidestinasjonar på Vestlandet – aktuelle stadar er Nordfjord og Hallingdal.

Gjennom både grunnleggjande og vidaregåande teknikkurs vil du får ferdigheiter til å sykle med fart og kontroll i variert terreng. Du vil også bli kursa i bygging av stiar, og derigjennom få høve til å bli ein del av sykkelmiljøet i Sogndal.

Skulen har eigen sykkelverksted der du får lære grunnleggjande vedlikehald av sykkelen. Verkstaden står open og er ein populær møteplass for sykkelmiljøet ved skulen.

Du treng ikkje å være ekspert på sykkel for å gå på denne linja; den er for syklistar på alle nivå.
 
Ski
Når snøen kjem er det ski for alle pengane. Sogndal er eit eldorado for skikøyring. Gjennom vinteren vert du lommekjend i eitt av dei beste toppturområda i Noreg. Vi har fokus på sikkerheit og skredfare slik at vi kan nyte dei beste nedfartslinjene på ein god og sikker måte. I løpet av året vil du lære nok til å kunne reise på eventyr med ski på beina på eigahand både i inn- og utland.  
 
Snøen ligg lenge, og Sogndalsfjella er særs snøsikre; vi har vanlegvis mykje snø og gode skitilhøve frå november til mai. Hurrungane (Jotunheimen), Jostedalen og Breheimen ligg òg rett utanfor døra.
 
Og så mykje meir....
Vi nyttar det meste av tida på sykkel og ski, men du vil også få mange andre opplevingar ved denne linja. Vi bølgesurfar, nyttar eit av dei beste klatreanlegga til å ta brattkortkurs, og vi skal få oppleve brevandring på Jostedalsbreen.

Velkommen til eit år som vil gi både kunnskap og vennskap for livet.

 

 

 

Eit år i sogndal sett spor. Menneska.Naturen.Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule no

 

Studietur Sykkel og ski

Danmark
På hausten reiser vi til Danmark for å oppleve stisykling i verdensklasse. I Danmark har de vært mye flinkere enn oss i Norge til å bygge dedikerte stier til sykling. Vi reiser rundt på forskjellige steder og opplever noe av det fineste stisykling i Skandinavia. Innimellom sykling opplever vi dansk kultur.
 

Nepal
Studieturen om våren går til Nepal. Eit flott land med storslått natur og mektige fjell. Vi skal sykle i mellom landsbyane høgt oppe i terrenget på flere tusen meters høgd. Når ein har komme fram til dagens mål overnatter vi i landsbyen og blir kjent med lokalbefolkninga. Utsikta ein har når ein syklar her får du ingen anna stad; du er rundt fjell som er på 7000 høgdemeter, eit utruleg syn!