Studietur til Brasil

Bli med idrett på ein fantastisk flott studietur til sjølvaste Rio de janeiro.

Her kan du oppleva varmen, folkelivet og stemningen rundt OL og VM byen!
Me bur rett på ei av verdas mest kjende strender Copacabana i omkring to veker.

Dagane blir brukt på stranda der me speler beachvolleyball, beachsoccer, og får prøve oss på paddleboard og surfing. Me får sjå både volleyball og fotballkamp, der fotballkampen anten er på den legendariske Maracana stadion eller Estádop Olímpico João Havelange (olympiastadion). I løpet av turen er me óg litt turistar og besøker dei mest kjende landemerka, Kristusstatuen og sukkertoppen.

Rundt Rio er det ulike favelaer, disse favelaene kommer av at tilbudet av husvere er begrensa og/eller dyrt. Me skal besøke den største favelaen Rochina, der me får møta ein ung lokal guide som har vakse opp der. For å reise rundt inne i favelaen skal me bruke motorsykkeltaxi.

Fokuset vil vera på trening, men òg viktigheita over å kunne gjera ein forskjell, ved at me besøkjer ein lokal barneskule og tar ei tur til Karanba. Karanba er eit sosialt prosjekt i Rio de Janeiro, Brasil. Fotball blir brukt som eit verkemiddel for å hjelpa mange barn og unge frå slumområda med utdanning, personlig utvikling og utfolding. Dette er eit utrulig spennande prosjekt som me er veldig heldige som har moglegheit til å besøkja. I forkant av turen jobbar klassen med å samle inn kler og utstyr slik at me kan gi det til barn og unge som deltar på prosjektet. Her har me fokus på å vera eit medmenneske, og gleda over å gjera ein forskjell. Dagen blir avslutta med fotballkamp med eit av laga.

Brasil turen vil gi deg mange sterke inntrykk og opplevingar for livet.

Bli med oss da vel!