Studietur

New York

På hausten reiser vi til New York samen med fotoreise. New York er ein multikulturell storby og du får oppleve svært mykje på kort tid. Byen har eit rikt kulturliv med mange aktive kunstnarar og galleri. Vi bur midt på Manhattan, kort veg til alle dei unike motiva og opplevelser New York er kjende for. Det er så mykje å utforske - og vi må bruke tida effektivt. Vi prøver å fange panoramautsikta frå skyskraparane i skumringstimen og på kvelden, Times Square, Manhattan skyline/Brooklyn bridge frå Brooklyn, kunstnarbydelen Williamsburg, Street art og graffiti-området i Bushwick, Coney Island, Chinatown, Ground Zero og mange fleire stader. Vi samarbeider mellom anna med ein profesjonell gatefotograf, og tar del i ein workshop.

Vietnam

Saman med fotoreise reiser vi til Vietnam. Det vert ei opplevingsreise der vi besøker alt frå hovudstaden i Hanoi, klippelandskapet i Halong Bay, rismarkene i Sa Pa og den forbodne by i Hue.
I Halong Bay overnatter vi ei natt på båt og ei natt på Monkey Island. Du får besøke grotter, padle i kajakk og bade i den turkise sjøen - og ikkje minst fotografere! Vi skal besøke minioritetsbefolkninga i Sa Pa og sove ei natt i ’homestay’. Du får bli kjent med folk og eit levesett som er svært annleis enn kva vi er vande med, men likevel oppleve at vi har noko til felles. I byane skjer det mykje forunderleg som fotografiapparatet skrik etter å dokumentere. Hanoi er mekka for gatefotografering med sine kaotiske og fargerike gater. I Sentral-Vietnam får du oppleve kultur og religion ved å besøke tempel og pagodar, samt at du får eit lite inntrykk av kva krigen har gjort med landet. Vi reiser med tog, buss og innanlandsfly i ekte backpacker stil!