Studietur Ski og sykkel

Vestlandet

På hausten er det rett og slett vanskeleg å finne destinasjonar som kan konkurrere med det norske vestlandet. Her har vi ein unik kombinasjonen av fjell, fjordar, brear og fantastiske stiar. Vi held oss difor i Sogn og utforskar lokalområdet. I tillegg vil vi reise til ein annan flott sykkeldestinasjon i Noreg. Nordfjord eller Hallingdal er aktuelle plassar å besøke. 

 

Roadtrip Europa

På våren pakkar vi i bilane og hiv syklane på hengaren for å reise av garde på road trip i Europa. Vi er på leit etter eventyr, både på og utanfor stien. Til dei fleste si overrasking finst det mykje fin stisykling i Danmark, så det vil vere første stopp på turen. Frå Danmark fortset vi sørover mot Slovenia og Italia med alt det har å by på av flotte opplevingar. Mest sannsynleg kjem vi også til å nytta oss av dei moglegheitene som interrail byr på. Førebu deg på eit eventyr av dei sjeldne både på 2 og 4 hjul, med og utan sykkel, og alltid med en gjeng gode venner!