Sogndal Vandrarheim

Sogndal Vandrarheim ligg i vakre omgivnadar nokre hundre meter frå Sogndal sentrum. Vi har nydeleg utsikt til fjell og fjord, og flotte uteareal som gjestene kan benytte, mellom anna sandvolleyballbane, kunstgrasbane og eit amfi. 

Vi har to internat på skulen, det eine var nytt i 2013 og det andre er nyrenovert. På det nyaste internatet er det bad på rommene, og dette bygget består av 10 dobbeltrom og 4 enkeltrom. På det renoverte internatet har vi 24 dobbeltrom og 8 enkeltrom, desse er delt i avdelingar der det er 3 dobbeltrom og 1 enkeltrom per avdeling. Ei avdeling deler wc (3 stk) og dusj (3 stk).I tillegg til desse to internatene har vi 12 hyblar med privat bad, der 6 hyblar deler på 1 kjøkken. 

Totalt har vi 104 sengeplassar på vandrarheimen. 

Sogndal ligg midt i smørauga for mange attraksjonar. Ca. 1 time frå vandrarheimen, på sørsida av Sognefjorden finn du Aurland. Her ligg Stegasteinen, eit flott utsiktpunkt på fjellet og i samme kommunen, ca 15 min frå Aurlandsvangen finn du verdenskjente Flåmsbana

Nord-aust for Sogndal, mot Sognefjellet, finne du fleire andre attraksjonar. Her kan du køyre ned til Solvorn, ei flott sommarperle, og ta ferja over til Ornes. Her kan du besøke Urnes Stavkyrkja (som er på UNESCOs verdsliste), og Urnes gard og Hjortefarm. Elles er det moglegheiter å få handla kortreist jordbær og bringebær på veg opp til kyrkja. På same sida av fjorden, inn mot Skjolden finn du både Feigumfossen og viare på Sørheim ser du huset der Lerum Fabrikkar starta opp. Viare køyrer du mot Sogndal igjen, men allereie i Gaupne finn du Lustrabadet og viare kan du køyre inn til Jostedalen for å besøke Europas største isbree; Jostedalsbreen før du tar turen ut att til Sogndal. 

I Sogndal er det elles mange flotte turstiar, det er mogleg å leige kajakk og stisyklar hjå Sogndal Lodge & Guiding og ikkje minst er regionens største kjøpesenter her med 60 butikkar. Vi håpar du legg sommarferien din til Sogn! 


Sommaren 2017 har vi opent frå 2. juni til og med natt til 16. august. 
I forbindelse med Lerum Cup går overnattingen igjennom Sogndal Fotball.

Check-in is available between 17:00 and 23:00. Please contact hostel if arriving later. Check-out time is at 9:00 - 10:00.

For booking ta kontakt med oss på telefon, epost eller via våre to bookingportaler; booking.com og Hihostel.

Kontaktinformasjon:
Telefon 57 62 75 75
Epost sogndal@hihostels.no