Urbant, midt i naturen.

Det er få stader i verda som kan måle seg med den unike naturen i Sogn. Den majestetiske Sognefjorden brer seg frå kysten og innover i landet med fleirfaldige fjordarmar. Innst i fjorden reiser tindane seg i Hurrungane og vest-Jotunheimen. Dette er  det mest dramatiske alpine fjellområdet Norge kan by på. Mot nord ligg Jostedalsbreen, siste rest av isen som gjennom tusen av år har forma landskapet.

I hjartet av det heile ligg Sogndal. Om du er på jakt etter det beste fotomotivet, den djupaste puddersnøen, eller berre vil oppleve noko nytt, så veit vi at du vil stortrivast her. Vi har Norges største utandørs klatrefelt, Norges største innandørs klatrevegg, massevis av idrettfasilitetar og eit tippeliga-lag vi er veldig stolte av!

Skulle du få overdose av frisk luft og fysisk fostring er det berre tre minutt gange til eit kjøpesenter med 60 butikkar, kino-og teatersal og fleire serveringsstader. Dette er ein plass for alle. Difor er Sogndal urbant, midt i naturen.

Student- og ungdomsbygd

 

Sogndal er ikkje ei heilt vanleg vestlandsbygd. I tillegg til 7500 fastbuande er det heile 3000 studentar og skulelevar her!

På studenthuset Meieriet finn du kafé, konsertarena og uteplass. Lista over artistar som tek turen innom Sogndal i løpet av året er imponerande og på linje med kva du elles finn i ein norsk storby.

Aktiv fritid

Spektakulære fjell og fjordarmar omgir oss.  Berre 15 minutt køyring unna er du ved inngangen til ei rekkje alpine fjellområde. Her finn du som regel snø frå desember til langt ut på sommaren! Etter ein times køyring er du på Sognefjellet eller ved Jostedalsbreen. To skisenter ligg ca. 15 minutt med bil frå skulen. Fjellsportfestivalen i Sogndal har fått mange til å oppdage dei unike fjella i Sogndalsområdet.  Dei berømte fjordområda kan vi nå i løpet av halvannan time. Her finst det mulegheiter for kajakkpadling og spektakulære oppstigningar i fjordlandskapet.

Bur du i Sogndal eit år treng du ikkje lure på kva du skal bruke fritida di på.