UTSTYRSLISTE - SKI OG KLATRING

Dersom du manglar utstyr rådar vi deg til å vente med innkjøp til du kjem til Sogndal. Du får råd og tips av oss om kva utstyr som er lurt å ha. Så tek vi ei fellesbestilling - det vert billegere for deg dersom du ikkje har nokre spesielle avtaler med butikkar eller produsentar frå før.

Klatreutstyr er personleg, og det er viktig at du skaffer deg utstyr som er praktisk og sikkert. Vi hjelper deg med det dersom du manglar noko.

Til vinteren skal vi vere ute i snø og på is, og då treng du kle og ski. Det vil sei randonnée-ski, dette er ski med bindingar til å gå i motbakke med. Eller telemarkski til offpiste-køyring. 

Til klatring trenger du:

  • Klatresko
  • Sittesele
  • Taubrems
  • 3 Skrukarabiner - 2 karabin uten skru 
  • Slynger (viss du har)
  • Klatrehjelm
  • Fjellstøvlar
  • Treningstøy

Til skikøyring treng du:

  • Skifeller
  • Snøspade
  • Søkestang
  • Skredsøker (Kan leies på skulen)
  • Solbriller og skibrille

Kva meir treng du?

På ein del av turane skal vi overnatte ute. Her treng du:

  • Sovepose
  • Liggeunderlag
  • Ryggsekk (dagstursekk ca. 30 liter og eventuelt ein som er stor nok at du kan klare deg fleire dagar)
  • Bestikk, kopp, tallerken
  • Hovudlykt
  • Kompass og kartmappe
  • Sykkel til undervisning og fritid