Ski og klatring

Har du lyst til gå på topptur og køyre på ski i endelaust pudder? Eller klatre opp bratte fjellveggar med utsikt over Sognefjorden? Då er dette linja for deg!

Her i Sogndal kan vi køyre laussnø om dagen og kose oss med klatring inne i eit av Nordens flottaste klatreanlegg på kveldstid. Med andre ord; her kjem du heilt sikkert i god fysisk form, samtidig som du vil lære mykje gjennom spennande og utfordrande turopplevingar i fantastisk natur.

På ski og klatring-studiet får du med deg den beste og brattaste naturen Vestlandet har å by på, sportsklatring i Sør-Europa om hausten og skikøyring i Alpane om våren.

 
 

Litt meir om linja

Dersom du trivst med å henge høgt i tau eller renne langt og fort på ski i laussnøen er dette noko for deg. Naturen i Sogn er storslått og variert, og det finst meir enn nok av klatre- og skimoglegheiter.

Før snøen kjem er det klatring  som gjeld. Du må vere villig til å klatre mykje. Øving gjer meister!

Vi har fleire klatrefelt å velje mellom rundt Sogndal. Det næraste er Kvam (berre 10 minutt å sykle frå sentrum) som har over 300 klatreruter! Klatreveggen i Sognahallen,"The Wall", held aller høgste internasjonale standard og er eit godt alternativ når vêret ute blir for heftig.

Når snøen kjem er det ski for alle pengane. Sogndal er eit eldorado for randonnée og telemarkskøyring. Gjennom vinteren vert du lommekjent i eit av dei beste toppturområda i Noreg. Vi har fokus på sikkerheit og skredfare slik at vi kan nyte dei beste nedfartslinjene på ein god og sikker måte. I løpet av året vil du lære nok til å kunne dra på eventyr med ski på beina på eiga hand både i inn- og utland.

Snøen ligg lenge, og sogndalsfjella er særs snøsikre; vi har vanlegvis mykje snø og gode skitilhøve frå november til mai. Hurrungane (Jotunheimen), Jostedalen og Breheimen ligg også rett utanfor døra.

Velkomen til eit år som vil gi både kunnskap og vennskap for livet.

 

Eit år i sogndal sett spor. Menneska.Naturen.Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule no

 

Studietur Ski og Klatring

På Ski og klatring reiser vi på to studieturar, ein om hausten og ein om våren.

Om hausten dreg vi til ein av dei store klatredistinasjonane i Sør-Europa ved Middelhavet. Dei siste åra har vi vore i blant anna Arco i Italia og Opierre i Frankrike. Du får utfordra deg på solvarme klipper i flotte omgjevnader, samtidig som du vil oppleve framand kultur, og får styrka venskapen med resten av klassen.

Studieturen om våren går til ein av dei store skidestinasjonane i Alpane. Her får du moglegheit til å køyre både i heis, og utforske nye område for offpiste og topptur. Moglege reisemål er Sölden/ Austerrike, La Grave / Frankrike og Dolomittane/ Italia.