Linjene:

Friluftsliv

Ski og Klatring

Idrett

Fotokunst

Naturfoto


Siste nytt fra din linje:

Fellesfag

Allsidig fagtilbod på tvers av linjer! Her finn du nokre døme på slike fellesfag.

På timeplanen vår vil du finne fag og tema som er organisert noko ulikt gjennom året. Vi kallar dei fellesfag fordi elevane jobbar med dei same faga på tvers av linjene. Dette tilbodet er meint å utvide det faglege spekteret og gje deg viktige impulsar og erfaringar i fag og situasjonar som frå før er ukjent for deg.

Morgonsamling
Alle elevar og tilsette startar dagen med ei felles samling. Ansvaret for morgonsamlinga vert delt mellom oss alle. Du får mulegheit til å snakke nokre minutt om noko som opptek deg, dele erfaringar og synspunkt med oss andre.

Årstidene:
Stille vinternatt
I ein periode før jul er vinternatt og stjernehimmel tema for alle. Du vil m.a. få oppleve å bu godt og varmt i lavo saman med venene dine, oppleve stillheita i snøen og ein stjerneklar himmel over deg.

Stille vårdøgn
Når våren kjem til Vestlandet dreg vi ut og lyttar til livet som kjem tilbake. Fuglane som syng, bekkane som veks til elvar og snøen som trekkjer seg tilbake. Alle får oppleve eit døgn ute der vi er opptekne av naturen og korleis vi som menneske lev i forhold til den.

Song og musikk
Sjøl om vi ikkje har dette fagområdet som linjefag, legg vi stor vekt på songen i kvardagen. Fellessong og kor er viktige miljøskapande aktivitetar.

Laurdagstema
På folkehøgskule er det undervisning på mange av laurdagane. Innhaldet vil spenne frå t.d. taekwondo til filosfiske spørsmål. Som elev vil du óg få høve til å bidra med idear og opplegg.

Internasjonalt
Vi er opptekne av dei store utfordringane som verdssamfunnet står ovafor. I tillegg til at dette kan vere tema på laurdagar, brukar vi 3-4 dagar om hausten til å fordjupe oss i slike spørsmål samtidig som vi engasjerar oss i Operasjon Dagsverk .

Kulturopplevingar
Sogndal Kulturhus og Studentsamskipnaden i Sogndal har mange flotte tilbod innan konsert og teater. Vi går alle på konsert og/eller teater ein gong pr. semester.

Turar
I løpet av året på Sogndal Folkehøgskule dreg vi ut på lengre turar i næriljøet vårt. Du får oppleve Jotunheimen i tre dagar i september, hyttetur i snø-og vinterlandskap i januar, og i mai,- to dagar i båt på dei verdskjende fjordane våre.

Andre ting på timeplanen:
Fysisk aktivitet, foredrag, alternativ veke, husmøte og allmøte.