Kvardagen på Sogndal Folkehøgskule.
Sjølv om Sogndal som stad har mykje å by på, er det på skulen du vil tilbringe det meste av tida di.
| På ein folkehøgskule går undervisning og fritid om kvarandre. Dei fleste undervisningstimane ligg føre middag, men det er óg mykje som skjer på ettermiddag-og kveldstid. Kanskje er du i kjøkengruppa denne veka og skal ta oppvasken i lag med dei andre fem,- og dessutan tidleg opp for å lage frukost i morgon...Har du inga slike plikter akkurat nå kan du unne deg litt ro på stova i internatet. Du kan óg ta ein rask tur inn i Sogndalsfjøra for å kjøpe tannkrem og nye sokkar. | Epleslang ved internatet |
Blåbærkontroll | Kanskje du held på med elevkveldsabeid saman med 10-12 andre elevar og ein lærar. Om tre veker går elevkvelden av stabelen og vi andre går rundt og gler oss! Kan hende har du eit valfag på ettermidagen, eller du har rett og slett fri og kan unne deg ein prat med dei andre over ein kaffikopp. I området ved skulen finst det fine løyper for trimturar, såvel langs fjorden som opp i høgda -elller du kan ta turen opp til Sognahallen treningssenteret og svømmehallen. |
Finn og naturfotoklassen under lupa..

