Valfag
På Sogndal folkehøgskole vil du ha både elevstyrde og lærarstyrde valfag. Valfaga er anten organiserte i blokker på 2-3 dagar eller på faste vekedagar i dei såkalla "normalvekene". Du kan velje opp til 5 valfag i semesteret.
![]() |
Valfaga endrar seg noko frå år til år, men dei lærarstyrde valfaga speglar primært den breie kompetansen og interessa lærarane har. Vi gir til dømes tilbod om u-landskunnskap, filosofi, musikk/band, kor, ulike kunstfag, gitar, skuleavis, ballspel, foto, telemark, matlaging og trearbeid. |
