Idrett
Nye og utfordrande aktiviteter, glede over å vere i bevegelse, allsidig læring, sunn konkurranse, eigenutvikling og vennskap. Er dette viktig for deg? - Da er idrettslinja noko for deg.
Idrettslinja gir deg muligheit til å drive svært allsidig og utfordrande idrett. Vi har svært bra treningsfasiliteter både inne og ute. På hausten er vi mykje på sandvolleyballbana, i kajakk eller på fotballbana. Om vinteren kosar vi oss i skitrekket; oftast på telemarkski. Likevel er allsidigheit og variasjon viktigast for oss.
Noe av det vi er innom på idrett i løpet av eit år:
-Kajakk; teknikk- redning/padleteknikk, leik, 2 dagars-tur med teltovernatting
-Surfekurs 3 dagar, på Hoddevika - Stadt
-Badminton; spel: singel og double, teknikk og taktikk
-Telemark; bakke / topptur, skileik, preparering og smøring av ski
-Snowboard; bakke og løssnø
-Kampsport; Tae Kwon Doe og boksing. Teknikk, styrke og hurtigheit
-Skileik; allsidig skierfaring
-Friidrett; løp, spyd og lengde.
-Innebandy; på stor bane med vant, liten bane; spel, teknikk og taktikk
-Volley- / Sandvolleyball; spel, teknikk, taktikk og ressurstrening på eiga sandvolleybane
-Svømming; teknikk og ressurstrening
-Putball
-Fotball; på eige kunstgras
-Riding; dagstur i fjell/skogsterreng
-Helsestudiotrening; teknikk, styrke, hurtigheit og uthald
-Idrettsskader; teori og teipekurs
-Bre; vandring, klatring og brekunnskap
-Klatring; ute og innandørs i "The Wall" i Sogndal
-Rifle-/ bogeskyting; rifle-100 meter utendørs/inne 15 meter. Boge inne;18 meter
-Massasjekurs; 3 timar
-Arrangementspraksis; "Ope meistarskap i mobilkasting"
-Terrengsykling, løyper like ved skulen
-Aktivitetsdag Skuleverket; planlegging og gjennomføring
Nye idrettsanlegg på skulen: Heilt ny sandvolleyballbane med konkurransemål og førsteklasses sand. Kunstgrasbane for fotball.
I Sogndal har vi Fosshaugane Campus, eit senter med eit av dei største idrettsfaglege miljø i landet, med eit svært bra treningsstudio, squashbaner og aerobic sal.
"Sognahallen" på 10.000 kvadratmeter har t.d. innandørs fotballbane, ein av verdas beste klatrevegger og løpebane for sprint. Dette er fasilitetar som vi brukar i undervisinga.
Vi har to skisenter berre omlag 10 minutt frå skulen. Desse nyttar vi ofte på vinteren, mest på telemarkski.
Studietur
Ved påsketider drar vi på 14 dagar treningsleir i utlandet. I 2010 går turen til Lanzarote. Her fordjupar vi oss i sommaraktiviteter som mellom anna sandvolley, fotball, surfing og sykling. Vi disponerar eit eige hus med svært bra standard med eiga minitennisbane og basseng.
Velkommen til allsidig, glad og utfordrande idrett!
