Linjene:

Friluftsliv

Ski og Klatring

Idrett

Fotokunst

Naturfoto


Siste nytt fra din linje:

Naturfoto

Å utikle seg som fotograf er ein prosess som går over tid. Vi har som mål å skunde på denne prosessen, anten du er nybegynnar eller vidarekomen.

Du vil få ei grundig innføring i fargefotografering, før du går over i den meir kreative fasen. På naturfotolinja går vi gjennom heile prosessen, frå fotograferinga, via digital bildebehandling i Photoshop, til det ferdige bildet. Presentasjonen er på utstillingar, på internett og gjennom digitale ”lysbilde show”. Vi legg stor vekt på individuell undervisning i praktiske situasjonar. Dette fører mellom anna til at vi har mange dags- og overnattingsturar.

Du må like å vere ute, gjerne under tøffe klimatiske forhold, til alle årstider og gjennom heile døgnet. I seine kveldstimar eller tidleg om morgonen tek du ofte dei spesielle bilda, får dei beste opplevingane og dei gode refleksjonane. Naturoppleving er viktig for naturfotografen. Du får oppleve dei mest spektakulære motiva som berre Vestlandet kan by på. Turane går frå kysten, langs fjordane, elvar og fossar til Jostedalsbreen med bre-armar og blåis. Vi vil bevege oss mellom det tradisjonelle naturfotografi til det meir idebaserte, slik at du skal få utvikle ditt bildespråk, din eigen personlege stil. Det er lagt vekt på ein balanse mellom ut-på-tur fotografering og oppgåvebasert undervisning, der du kan utfolde deg meir kreativt.

Studieturen blir lagt opp som ei minibackpacker reise med kamera i sekken og fokus på nasjonalparkar og vakker natur i Europa.