Linjene:

Friluftsliv

Ski og Klatring

Idrett

Fotokunst

Naturfoto


Siste nytt fra din linje:

Utlysing av stipendiatstillingar for skuleåret 2010-11

Sogndal Folkehøgskule ønskjer søkjarar til 4 stipendiatstillingar for komande skuleår.

Utlysing av stipendiatstillingar for skuleåret 2010-11.

Sogndal Folkehøgskule ønskjer søkjarar til 4 stipendiatstillingar for komande skuleår. Stipendiatstillinga er for deg som har gjennomført eit år på folkehøgskule og som ønskjer eit andre år der du får utfordra deg sjølv i nye læringssitusjonar. Det gjeld både som assistent i undervisningssamanheng og som miljøskapar.

Vi ønskjer søkjarar som kan delta i  undervisning på linjene, i fellesfag, valfag og som i tillegg er motiverte for å bidra til eit aktivt og utviklande miljø på skulen. Skulen har følgjande linjer: Fotokunst, Naturfoto, Friluftsliv, Ski og Klatring, og Idrett.

I søknaden ber vi deg skrive utfyllande om deg sjølv, dei faglege kvalifikasjonane og erfaringane dine og kvifor du ønskjer å vere stipendiat. Som stipendiat på Sogndal Folkehøgskule får du fritt opphald og i tillegg ei månadleg godtgjersle. I tillegg har du rett til stipend og lån i Lånekassa.

Ta kontakt med skulen for ein prat om du er interessert. Tlf. 57627575.

Søknad sendast til sogndal@sogndal.fhs.no innan 08.04.2010