Linjene:

Friluftsliv

Ski og Klatring

Idrett

Fotokunst

Naturfoto


Siste nytt fra din linje:

Sogndal

Sogndal er ein livleg bygdeby ved Sognefjorden. Folkehøgskulen ligg i sentrum. Eit aktivt student- og skulemiljø set preg på livet her, m.a. i form av ei rekke kulturaktivitetar.

Sogndal Kulturhus byr på eit topp aktuelt filmrepertoar og mange fine teater- og konsertopplevingar. Sogndal har idrettssenter med storhall, klatrevegg og gode treningsforhold.
Frå Sogndal er det kort veg til to skisenter med flotte mulegheiter for tur, telemark og alpint.
Breheimen, Jostedalsbreen og Jotunheimen er nærområda våre.

Sogndal er eit godt utgangspunkt for turar i eit storslått fjordlandskap, m.a. Nærøyfjorden som er på UNESCO si verdsarvliste. Sogndal har gode kommunikasjonar med Bergen, Oslo og Trondheim. Fleire daglege fly- og bussavgangar. Det går hurtigbåt mellom Sogndal og Bergen.