Informasjon om søknad

Alle kan søkje på Sogndal folkehøgskule. Opptaket startar 1. februar. Det er ingen søknadsfrist.  Du kan søkje når du vil, og vi tek opp elevar kontinuerleg frå opptaket er i gong og så lenge vi har ledige plassar.  Det kan løne seg å vere tidleg ute for å få plass på den linja du ønskjer aller mest.

Skulen har aldersgrense 18 år før nyttår i det året du er elev.

I søknaden vil vi gjerne at du skriv litt om deg sjølv, bakgrunnen din og kvifor du vil gå eit år på folkehøgskule.

Søknaden din vert vurdert same dag som vi mottek den. Vi sender svar både elektronisk og som vanleg post. Det hender vi tek kontakt pr. telefon om vi har spørsmål til søknaden.  Om du har spørsmål som du vil ha svar på før du sender søknad svarer vi gjerne om du tek kontakt med oss.

Velkomen som elev og til eit spennande år på Sogndal folkehøgskule!