Livet på folkehøgskule

Sjølv om du søkjer på ei spesifikk linje består kvardagen på folkehøgskule av mykje meir. Gjennom fellesfag og valfag får du gjennom året lære og prøve eit mangfald av aktivitetar.

Ei vanleg veke på Sogndal folkehøgskule har gjerne 3-4 dagar linjefag. Då er ein ute på tur, gjennomfører prosjekt eller andre aktivitetar. Resten av dagane går med til valfag og fellesfag. Litt tid må også brukast på nødvendige gjeremål, som vasking og rydding.

Valfag er små sidefag du vel sjølv. Vi har eitt breitt utval av fag du kan prøve deg på, fag som skil seg frå det du elles arbeider med på linja di. Valfaga er organisert i periodar.  Ta gjerne ein kikk på valfagsida for å sjå noko av det du kan velje mellom! Valfagstilbodet kan endre seg noko frå år til år, avhengig av lærarstaben.

I tillegg til linjefag og valfag står fellesfag på timeplanen. I desse faga jobbar alle elevane saman  om eit tema over fleire dagar, t.d. film, det gode liv, internasjonale spørsmål. På laurdagar har vi ofte spennande gjester på besøk. Like etter skulestart har vi fellestur på Sognefjellet, og i mai, før skuleslutt,  "cruiser" vi på den spektakulære Sognefjorden i to dagar.

På vekedagane  startar frukosten kl. 07.30.  Så benkar vi oss til morgonsamling 08.30 og dagen er i gang! Det er middag kvart over tre. Ettermiddagen kan vere fylt med valfag, elevkveldsøving eller andre frivillige aktivitetar. T.d. kan du spele sjakk i peisestova, sjå film, sykle bort i klatrefeltet eller ta ei treningsøkt ute eller inne. Kveldsmat blir servert 19.30.

Sjølv med eit mangfald av aktivitetar og erfaringar gjennom året, er livet på internatet den største og ofte mest lærerike biten. Det å bu tett på andre menneske, og å heile tida ha vennene sine tilgjengeleg gir unike erfaringar som vi trur alle lærer mykje av og kan ta med seg i resten av livet.