Fellestur til Jotunheimen

Eit par dagar etter skulestart dreg vi alle saman til Jotunheimen på ein tredagars tur.

Dette gjere vi for å bli betre kjent med kvarandre, og for å oppleve eit av Noregs vakraste og mest spektakulære fjellområde.

Vi bur på vakre Sognefjellshytte, tek dagsturar og deltek i bli-kjende aktivitetar. På kvelden blir vi samla i det store atriet etter ein betre middag, og tek oss tid til å småprate, spele spel, eller berre slappe av etter ein dag med frisk luft og flotte opplevingar.

Etter 3 dagar saman har vi allereie masse fellesopplevingar, og skaper eit godt grunnlag for å bli meire kjend med gode venner.