Idrett

Nye og utfordrande aktiviteter, glede over å være i bevegelse, allsidig læring, sunn konkurranse, eigen utvikling og vennskap. Idrettslinja gir deg moglegheit til å drive særs allsidig og utfordrande idrett. På vårsemesteret reiser Idrett på studietur til Brasil. Vi vil møte ein anna kultur og religion, og oppleve store forskjellar i levesettet blant lokalbefolkninga.

 
 

Litt meir om linja

Kvifor velje idrett i Sogndal?
Opplev nye og utfordrande aktivitetar, glede over å vere i bevegelse, allsidig læring, sunn konkurranse, eigenutvikling og vennskap. Er dette viktige punkt i livet ditt? I så fall er dette linja for deg.

Vi ligg midt i smørauget i Sogndal sentrum med svært mange fasilitetar for idrett og friluftsliv. Skulen ligg berre 50 meter unna Sognefjorden. På skulen har vi gymsal, styrkerom, badstu, sandvolley- og kunstgrasbane samt utandørs badestampar. På hausten er vi mykje på sandvolleyballbana, i kajakk eller på fotballbana. Når vinteren kjem er vi på ski, langrenn, alpint/ telemark og topptur. Vi spelar badminton, volleyball og andre ballspel, eller «pumpar jarn» i treningsstudio. Berre 10 minutt på sykkel unna skulen ligg Idrettssenteret og Fosshaugane campus. Dette er eit av dei største idrettfaglege miljøa i Noreg samla under éit tak!

Om hausten får vi omvising på A-laget til Sogndal fotball sine fasilitetar og inspirasjonsøkt med trener frå Sogndal fotball!

Som idrettselev er du medlem av Idrettssenteret. Dette gjev deg unike treningsmoglegheiter både i skule- og fritidssamanheng, samt muligheit for testing av spenst, styrke og uthaldenheit i ein avansert fysiologisk lab. Du kan også verte medlem i Studentspretten - studentane sitt eige idrettslag i Sogndal.

 

Eit år i sogndal sett spor. Menneska.Naturen.Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule no

 

Studietur til Brasil

Bli med idrett på ein fantastisk flott studietur til sjølvaste Rio de janeiro.

Her kan du oppleva varmen, folkelivet og stemningen rundt OL og VM byen!
Me bur rett på ei av verdas mest kjende strender Copacabana i omkring to veker.

Dagane blir brukt på stranda der me speler beachvolleyball, beachsoccer, og får prøve oss på paddleboard og surfing. Me får sjå både volleyball og fotballkamp, der fotballkampen anten er på den legendariske Maracana stadion eller Estádop Olímpico João Havelange (olympiastadion). I løpet av turen er me óg litt turistar og besøker dei mest kjende landemerka, Kristusstatuen og sukkertoppen.

Rundt Rio er det ulike favelaer, disse favelaene kommer av at tilbudet av husvere er begrensa og/eller dyrt. Me skal besøke den største favelaen Rochina, der me får møta ein ung lokal guide som har vakse opp der. For å reise rundt inne i favelaen skal me bruke motorsykkeltaxi.

Fokuset vil vera på trening, men òg viktigheita over å kunne gjera ein forskjell, ved at me besøkjer ein lokal barneskule og tar ei tur til Karanba. Karanba er eit sosialt prosjekt i Rio de Janeiro, Brasil. Fotball blir brukt som eit verkemiddel for å hjelpa mange barn og unge frå slumområda med utdanning, personlig utvikling og utfolding. Dette er eit utrulig spennande prosjekt som me er veldig heldige som har moglegheit til å besøkja. I forkant av turen jobbar klassen med å samle inn kler og utstyr slik at me kan gi det til barn og unge som deltar på prosjektet. Her har me fokus på å vera eit medmenneske, og gleda over å gjera ein forskjell. Dagen blir avslutta med fotballkamp med eit av laga.

Brasil turen vil gi deg mange sterke inntrykk og opplevingar for livet.

Bli med oss da vel!