UTSTYRSLISTE - FRILUFTSLIV

Til eit aktivt år med friluftsliv i utfordrande vestlandsnatur treng du sjølsagt ein del utstyr. Oversikta nedanfor dekker det du skal ha av personleg utstyr, samt linjekostnadar for året.

Dersom du må skaffe deg noko nytt utstyr kan du gjerne vente til du kjem hit. Vi kan gje råd om ulike kvalitetar og prisar, og skulen har gode rabattavtalar med ein lokal forhandlar. I nokon grad kan du sy ditt eige utstyr på skulen. Hugs elles at gamalt godt utstyr oftast gjer same nytte som siste modell, så leit på loftet eller 'lån' av dei næraste!

  • ryggsekk, minst 65 l.
  • sovepose (komforttemp. -20º)
  • liggeunderlag (min 14mm tjukt)
  • fjelljakke med hette
  • vindbukse
  • regnbukse
  • regnjakke
  • gamasjer
  • fjellstøvlar
  • hue
  • tjukk ullgenser
  • ullundertøy
  • ullvottar
  • vindvottar
  • bestikk
  • kopp
  • tallerken
  • hovudlykt
  • solbriller
  • sykkel til undervisning og fritid!
  • kartmappe
  • kompass (360 grader)
  • fjellski m/stålkantar
  • skistøvlar for høgfjellsbruk
  • snøspade
  • skifellar
  • søkestang (ikkje krav)
  • skrivesaker
  • termos