UTSTYRSLISTE - FOTOREISE

Fotoutstyr:

  • Kamera: digitalt spegelreflekskamera med full manuell innstilling, d.v.s at du må kunne stille både blendar og eksponeringstid manuelt.
  • Ladar til kamera
  • Minnekort på til saman minst 8 GB (gjerne to)
  • Batteri (ekstrabatteri om du har det)
  • Stativ (fint om det ikkje er for stort og tungt sidan det skal vere med på turar og ut i verda)
  • "Snorutløysar"
  • Berbar PC eller Mac (om du har, viss ikkje har vi nokon stasjonære mac'ar på skulen de kan bruke)
  • Adobe Photoshop (viss du har dette på eiga maskin er det flott, om ikkje kan du abonnere på Adobepakken. Då betalar du ein sum i månaden, og kan avslutte når du vil - du får studentrabatt. Det er ikkje eit krav -men absolutt kjekt å ha om du ønskjer å jobbe på eiga maskin)
  • Ekstern harddisk på minimum 250 GB. (Må kunne brukast på mac) for å sikkerhetskopiere filene dine, pluss at bileta kjem til å ta opp mykje plass på dataen din, så det er ein fin måte å frigjere plass)

Vi har ingen krav til objektiv, men det er ein fordel å ha forskjellige brennvidder (linser).


Turutstyr:

  • Jakke som toler vêr og vind
  • Bukse som toler vêr og vind
  • Fjellsko (sko som er gode å gå ute i naturen med)
  • Ullundertøy
  • Varm genser/fleeze
  • Vottar
  • Skjerf/hals/buff
  • Lue
  • Ullsokkar
  • Dagstursekk (rundt 25lit+)
  • Sitteunderlag
  • Termos
  • Sovepose
  • Liggeunderlag
  • Pass
  • Reiseforsikring (mange av dykk er sikkert under foreldre/føresette si forsikring, sjekk dette ut, ingen får reise utan at reiseforsikringa er i orden)