Fotoreise

Det beste frå to verdenar; fotografi og reising. Er du glad i å reise og ynskjer samstundes å lære fotografering? Då er dette linja for deg.

Landskapet rundt Sogndal er noko av det flottaste Noreg kan by på, og vi nyttar oss sjølvsagt av dette. I tillegg til to studieturar skal vi mykje på reise i lokalområdet for å sjå brear, fjordar og kystlandskap.

På Fotoreise har vi to studieturar. På hausten reiser vi til New York, ein urban, multi-kulturell storby. Om våren reiser vi til Vietnam saman med FotoDesign. Det vert ei opplevingsreise der vi besøker alt frå hovudstaden i Hanoi, klippelandskapet i Halong Bay, rismarkene i Sa Pa og den forbodne by i Hue.

 
 

Litt meir om linja

Det vil bli gjeve ei grundig innføring i digital fotografering frå ide til ferdig produkt. Du vil bli bevisstgjort på fotografiet sine moglegheiter og du vil lære å nytte foto som middel til å dokumentere det du ser og kommunisere det du ynskjer.

Å vere kreativ og utvikle ditt eige biletspråk og din eigen stil er viktig for å bli ein god fotograf. Du vil derfor få oppgåver og prosjekt der du får høve til sjølvstendig arbeid og utvikling. Vi reiser til det fjerne austen til Vietnam, og legg ut på ei mindre reise i Europa. Det vil bli lagt vekt på grundig planlegging før reisene slik at du får det beste ut av turen og bileta. Vi har ein del undervisning ilag med FotoDesign.

 

Eit år i sogndal sett spor. Menneska.Naturen.Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule no

 

Studietur Fotoreise

New York

På hausten reiser vi til New York saman med FotoDesign. New York er ein multikulturell storby og du får oppleve svært mykje på kort tid. Byen har eit rikt kulturliv med mange aktive kunstnarar og galleri. Vi bur midt på Manhattan, kort veg til alle dei unike motiva og opplevelser New York er kjende for. Det er så mykje å utforske - og vi må bruke tida effektivt. Vi prøver å fange panoramautsikta frå skyskraparane i skumringstimen og på kvelden, Times Square, Manhattan skyline/Brooklyn bridge frå Brooklyn, kunstnarbydelen Williamsburg, Street art og graffiti-området i Bushwick, Coney Island, Chinatown, Ground Zero og mange fleire stader. Vi samarbeider mellom anna med ein profesjonell gatefotograf, og tar del i ein workshop.

Vietnam

Saman med FotoDesign reiser vi til Vietnam. Det vert ei opplevingsreise der vi besøker alt frå hovudstaden i Hanoi, klippelandskapet i Halong Bay, rismarkene i Sa Pa og den forbodne by i Hue. Vietnam byr på flotte landskap, spreke fargar, mennesker og kultur, som du aldri har sett makan til. I Halong Bay overnattar vi ei natt på båt og ei natt på Monkey Island. Du får besøke grotter, padle i kayakk og bade i den turkise sjøen - og ikkje minst fotografere!  Vi skal besøke minioritetsbefolkinga i Sa Pa og sove ei natt i ’homestay’. Du får bli kjent med folk og eit levesett som er svært annleis enn kva vi er vant med, men likevel oppleve at vi har noko til felles. I byane skjer det mykje forunderleg som fotografiapparatet skrik etter å dokumentere. Hanoi er mekka for gatefotografering med sine kaotiske og fargerike gater. I Sentral-Vietnam får du oppleve kultur og religion ved å besøke tempel og pagodar, samt at du får eit lite inntrykk av kva krigen har gjort med landet. Vi reiser med tog, buss og innanlandsfly i ekte backpacker stil!