UTSTYRSLISTE - FOTODESIGN

Dette treng du av utstyr:

  • Spegelreflekskamera
  • Stativ
  • Det kan være lurt å ha egen bærbar pc/mac, men det er ikkje noko krav.

På skulen har vi det du treng av svart/kvitt-filmar, fotopapir og kjemikalier. Elevar får låne kvart sitt analoge speilreflekskamera frå skulen.

Filmane vi tek framkallar vi sjølve. Skulen har alt utstyret som trengs til denne prosessen. Bileta framkallast i eit av skulens to mørkerom. Det er i mørkerommet magien utspela seg. Begge mørkeromma er opne på kveldstid, så sjå opp for å gløyme tid, stad og rom i bytte mot ein heilt eigenarta uttrykksform.

Skulen har eige studio som du fritt kan utfolde deg i, både i undervisninga og på fritida. Her kan surrealistiske rom iscenesettast. Det er ikkje fantasien som sett grenser, men snarare døråpninga.