FotoDesign

FotoDesign er ei linje med fokus på fotografi, design og kreativitet. Du får jobbe prosjekt- og workshopbasert, og det blir lagt vekt på at du skal utvikle deg og finne din eigen stil. Eksempel på tema: kamerateknikk, studiofotografering, fotografering på location, grafisk design, typografi, produkt i ulike format, digitale magasin, photoshop, utstilling og mykje meir.

Vi har eit flott studio, analoge speilreflekskamera og store velutstyrte mørkerom. Her kan du utfalde deg innanfor analog fotografering og framkalling. Du får også moglegheit til å printe dei flottaste bileta dine i storformat. På hausten reiser vi til New York, ein urban, multi-kulturell storby. Vårturen går til eksotiske Vietnam, der vi køyrer meir backpackerstil, og reiser rundt i nord- og sentral- Vietnam.

 

Litt meir om linja

Vi har et godt og stort klasserom som er åpent, slik at både utstyr, studio og mørkerom er tilgjengelig for deg så godt som hele døgnet.

Bildene som blir tatt redigeres og ferdigstilles i photoshop. Du får god innføring i bilderedigering. I tillegg til å jobbe digitalt og i photoshop har vi store velutstyrte mørkerom. Her kan du utfolde deg i de gamle fotografiske teknikkene. Vi framkaller bildene på gamle måten. Vi bruker analoge kamera som skolen har tilgjengelig.  Det er i mørkerommet magien oppstår. I klasserommet har vi eige studio som er til fri disposisjon for fotoelevene.

I løpet av året reiser vi på tur i fylket, vi bade til fjels og til kyst.

Gjennom året får du mulighet til å bygge din egen portfolio med bilder du har tatt i undervisning og på fritida. Om du vurderer å gå videre med ei kreativ utdanning, kan et år på FotoDesign legge et godt grunnlag for videre arbeid.

På FotoDesignlinja på Sogndal folkehøgskule står egenutvikling i fokus. Målet er at du som elev ved denne linja skal få mulighet til å utfolde og utvikle deg innenfor foto og design. Vi har ein del undervisning ilag med Fotoreise.

 

Eit år i sogndal sett spor. Menneska.Naturen.Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule no

 

Studietur

New York

På hausten reiser vi til New York samen med fotoreise. New York er ein multikulturell storby og du får oppleve svært mykje på kort tid. Byen har eit rikt kulturliv med mange aktive kunstnarar og galleri. Vi bur midt på Manhattan, kort veg til alle dei unike motiva og opplevelser New York er kjende for. Det er så mykje å utforske - og vi må bruke tida effektivt. Vi prøver å fange panoramautsikta frå skyskraparane i skumringstimen og på kvelden, Times Square, Manhattan skyline/Brooklyn bridge frå Brooklyn, kunstnarbydelen Williamsburg, Street art og graffiti-området i Bushwick, Coney Island, Chinatown, Ground Zero og mange fleire stader. Vi samarbeider mellom anna med ein profesjonell gatefotograf, og tar del i ein workshop.

Vietnam

Saman med fotoreise reiser vi til Vietnam. Det vert ei opplevingsreise der vi besøker alt frå hovudstaden i Hanoi, klippelandskapet i Halong Bay, rismarkene i Sa Pa og den forbodne by i Hue.
I Halong Bay overnatter vi ei natt på båt og ei natt på Monkey Island. Du får besøke grotter, padle i kajakk og bade i den turkise sjøen - og ikkje minst fotografere! Vi skal besøke minioritetsbefolkninga i Sa Pa og sove ei natt i ’homestay’. Du får bli kjent med folk og eit levesett som er svært annleis enn kva vi er vande med, men likevel oppleve at vi har noko til felles. I byane skjer det mykje forunderleg som fotografiapparatet skrik etter å dokumentere. Hanoi er mekka for gatefotografering med sine kaotiske og fargerike gater. I Sentral-Vietnam får du oppleve kultur og religion ved å besøke tempel og pagodar, samt at du får eit lite inntrykk av kva krigen har gjort med landet. Vi reiser med tog, buss og innanlandsfly i ekte backpacker stil!