Fellestur til Hemsedal

I veke 3 reiser heile skulen over fjellet til Hemsedal. Vi bur i botnen av bakken, heilt perfekt for "ski inn og ski ut". Heile 3 dagar får vi i bakken for å utvikle skiteknikken og lære nye triks.

Elevane blir delt inn i små grupper etter nivå, der du kan velje mellom telemark og slalom/randonnè. Nokre av instruktørane er innleigde, men det er mange lærarar frå skulen som er med!

Det er to økter på dagtid med instruksjon, mens resten av tiden kan du bruke på frikøyring.

På kveldane er det god middag og sosialt i samlingsstova.