Tale Ivarhus

Linjelærar Friluftsliv

Tale er ei dame som stort sett driv på med noko aktivt. Friluftslivskicket starta for alvor på Seljord folkehøgskule, og resulterte bl.a. i idrettsstudier i Sør-Afrika, ein bachelor i friluftsliv, PPU og mange ulike kurs. Etter dette har ho jobba på leirskule, barnehage og vidaregåande skule, alltid med friluftslivsglede!

Viss du skal ha tak i ho så bør du byrje å leite i klatreveggen, på sjøen etter ein kajakk, på fjellet med ski eller løpesko, etter eit telt eller på ein flyplass.

Etter å ha budd i Telemark, Sogndal og Nordnorge dei siste åra, har ho funne ut at verdas beste plass for eit variert og tilgjengeleg friluftsliv er Sogndal!

Elles er dei ulike årstidene det vakraste vi har, og her er det viktig å utnytte kvar enkelt mest mogleg! 

Mail: tale@sogndal.fhs.no
Tlf: 404 50 763