Sivelin Kjølstad

Linjelærar Fotodesign

Frå (Rock City) Namsos

Sivelin har mastergrad i formgjeving, kunst og handverk med fokus på samtidskunstformen installasjon. Ho har sjølv gått eit år på folkehøgskule, og det var etter det året ho bestemte seg for å bli folkehøgskulelærar. 

Sivelin er faglærar i kunst og handverk med fordjupning i Tegning-Bilde-Kommunikasjon med blant annet komposisjon, biletformidling og grafisk layout. Ho har også fordjupning innan analog fotografering, mørkerom og tekstil.
Sivelin har jobba på Sogndal folkehøgskule i seks år med linja fotodesign. Ho har også maling, geriljabroderi, t-skjortetrykk og andre kunstrelaterte fag. 

På fritida tek ho fotooppdrag, gjerne portrett i studio. Ho likar å trene, vere med venner og har alltid mange prosjekt på gang. Ho har som mål å alltid skulle lære seg noko nytt - om det så er å gå på slakk line, eller å løyse rubiks kube.

Mail: sivelin@sogndal.fhs.no

Telefon: 971 66 977