YOGA - kom i form denne hausten med yoga.

logo til kopiering SMALL.png

Yoga utviklar styrke, mobilitet og spenst, og det gir velvære. Sogndal Folkehøgskule tilbyr denne hausten Yoga - både for menn og kvinner. Du treng ikkje ha erfaring frå før.

Oppstart er måndag 10 september, og vi fortset måndagar utover hausten - totalt - 10 gongar. 

Stad: Sogndal Folkehøgskule i "A-salen" (inn døra ved våre veggmalte sauer!)

Kvinner: kl. 18.45 - 19.45
Menn: kl. 20.00 -  21.00 

Skulen held nødvendig utstyr - du stiller med lett treningstøy som gir deg armslag. Ta gjerne med eit teppe for avspenningsdel i slutten av timen.

Pris for heile haustsemester kr 1000,-

Har du spørsmål, så kontakt oss på  57627575 eller send epost til mathilde@sogndal.fhs.no.