Velkomen til familiedag laurdag 25 november!

Sogndal folkehøgskule ynskjer dykk velkomne til familiedag på skulen laurdag 25 november. Vi håpar de kan nytte dette høvet til å bli litt betre kjende med oss og folkehøgskulelivet.

PROGRAM

Laurdag 25. november

  • Kl. 08.30 - 09.00:     Frukost for elevane.
  • Kl. 09.30:                   Morgonsamling i A-sal. Alle er velkomne!
  • Kl. 10.00 - 13.30:      Aktivitetar saman med elevane. Linjene presenterer seg.
  • Kl. 13.30:                   Graut/kaffi.
  • Kl. 15.15 - 16.00:      Om folkehøgskulen, spørsmål og svar for dei som vil i A-sal.        
  • Kl. 18.00:                   Middag.
  • Kl. 20.00:                   Festkveld m/elevprogram i gymsal. 
                                        Kaffi i peisestova.

 

PÅMELDING: Meld deg på her. 

Vi ber om påmelding på innan måndag 06.11.2017

 

PRAKTISK INFORMASJON.

Overnatting.

Vi kan vi dessverre ikkje tilby overnatting på skulen. Følgjande mulegheiter finst i nærleiken: 

Om dere kjem med bil og ikkje treng å bu midt i sentrum kan vi anbefale å sjekke ut desse nettsidene under. Dei ligg i avstanden ca. 15-30 min, og er vel verdt eit besøk!

Rødseter Inn (Fjærland)

Walaker Hotell (Solvorn)

Bestebakken (Hafslo)

Familiedagen kostar inkl. laurdagsgraut, middag og kaffi,-  kr. 300,- (born under 12 år kr. 150,-)  Betaling ved påmelding til konto 3705 21 56662 eller via Vipps (#74487). Merk betalingen med eleven sitt namn.

          

 

Med helsing alle på Sogndal folkehøgskule

Ole Karsten Birkeland, 
Rektor