Velkomen til avslutning laurdag 13. mai!

Til foreldre/føresette!

Vi avsluttar skuleåret 2016-17 på  Sogndal folkehøgskule laurdag 13. mai. Vi ønskjer dykk velkomne hit og håpar at så mange som muleg har høve til å vere tilstades. Programmet for avslutningsdagen ser slik ut.

 Kl. 10.30: Kaffi/te i peisestova for dei som kjem innom på formiddagen.
 Kl. 11.30: Avslutningsprogram i gymnastikksalen.
 Ca. kl. 13.00: Varmt måltid før heimreise.

Grunna måltidet er det fint om de gir oss ei tilbakemelding innan søndag 30. april. Send melding pr. e-post sogndal@sogndal.fhs.no
 .

I Sogndal er det fleire overnattings mulegheiter.

Her er nokre:

Quality hotel Sogndal
Best Western Lægreid Hotell
Hofslund Fjord Hotell
Loftesnes Pensjonat
Sogndal Lodge
Kjørnes Camping og Fjordhytter

Hjarteleg velkomne!
Sogndal, 15.03.2017


Med beste helsing
Ole Karsten Birkeland
Rektor