USA Studietur - Friluftsliv

Me er no tilbake i Noreg, og ser attende på ein fantastisk studietur i USA. Me var 34 stykker som reiste, og det var vel eigentleg ingen bortsett frå lærarane som visste kva me skulle gjøre. Det me visste ville møte oss var ei veke utan dusj, og elles veldig lite mobildekning.

Fyrste dag i USA blei me delt i to grupper, for me skulle no "rafte" på San Juan River. Her lærte me om indianar-historie, korleis folk hadde levd før og kor viktig elva har vore og enno er for lokalbefolkinga. Me fekk og sjå likheiter og skilnader på amerikansk og norsk friluftsliv, og maten var kanskje det som skilte seg mest ut i frå det me var vande med. Pølse i brød blei bytta ut med lasagne, hamburger og kake.

USA.jpg

Vêret var uforutsigbart, og me fekk nytta alle kleda me hadde med oss, frå shorts og t-skjorte til boble- og regnjakke, på ein dag! Men dei fleste klarte å skaffe seg ein fin farge, både brun og raud.  

Etter 4 dagar på elva, sa me farvel til våre guidar frå Deer Hill Expeditions, og reiste mot Arizona og Grand Canyon. På bilturen mot Grand Canyon, var me innom plasser som Mexican Hat, Goosenecks og Natural Bridges National Monoment. Me fekk òg sjå dei store skilnadene på fattig og rik i USA, men felles var at alle amerikanere var svært pratsomme og gjestfrie.

Grand Canyon var truleg for alle høgdepunktet på turen. Det å beskrive Grand Canyon er utruleg vanskeleg, for det er så stort, spektakulært og majestetisk! Etter å ha gått Grand Canyon, ned og opp, fikk me endeleg ta oss ein dusj og koble på nettet. Me hadde trudd det skulle bli vanskelegare uten nett, men me kjende meir på ei friheitskjensle utan snap og face hengande over oss.

Det beste med heile turen, var vel at me opplevde den fantastiske naturen USA har å by på i lag med gode vener som ein har blitt kjent i løpet av skuleåret.