Studieturar våren 2016

Desse dagane er det stille på skulen, for etter påske har alle linjene våre reist på studietur. Spente har dei i tur og orden møtt opp på Gardermoen for å reise til destinasjonen sin. 

Fotoreise var først ute og reiste til Vietnam 2. påskedag, nærmare bestemt Hanoi. Dei reiser rundt omkring og har til no vore på Monkey Island, i Sapa og akkurat no er dei i Dong Hoi. Foruten å ha tatt mykje bileter, har dei padla i kajakk, treff på apane på Monkey Island, vandra langs rismarkene i Sapa og i dag har dei vore i ei grotte calla Paradise cave. Dei neste dagane skal dei på sykkeltur til Phong Nha Ke Bang national park før dei skal viare til Hoi An. Her blir fotoreise nokre dagar før det blir retur til Hanoi og viare til Norge igjen. 
 

I år er det to klassar på linja Friluftsliv, der eine klassen har reist til USA og den andre til Nepal. USA-gjengen reiste 29. mars og befinner seg i flott natur. Dei camper ute i telt/under open himmel og har mykje aktivitetar på dagtid. Dei første dagane padla/rafta dei på San Juan elva, før dei har vert innom Natural Bridges National Monument, White Canyon og viare til Grand Canyon. Dei neste dagane skal dei gå lang tur i Grand Canoyen, gå tur opp til Humphrey`s Peak før dei reiser viare til Prescott der dei blir nokre dagar før dei skal køyre tilbake til Mancos og gjere seg klar for avreise heim. 

Onsdag 30. mars reiste dei resterande elevane. Nepal-gjengen starta turen med paragliding før dei reiste viare på trekkingturen.  Her skal dei gå frå landsby til landsby i Nepal sin flotte natur med mektige fjell. Første dagen endte dei i Birethanti som ligg på 1 050 m.o.h. før dei går via Bhanthanti (2 250 m.o.h), Ghorepani (2 860 m.o.h) før dei ender på Poon Hill 3 210 m.o.h med flott utsikt mot Himalya, inkludert Annapurnas, Dhaulagiri og Fish Tail på ein klar dag. Videre fortsett trekkingturen til dei ender i Pokhara. Her blir dei ein ekstra dag for å ha river rafting før dei skal til Katmandu dagen etter. Her skal dei besøke barnehjemmet Lovely childrens home og få informasjon om fair trade group nepal. Så går turen heim for denne gjengen og.

Ski og Klatring har tatt turen til Alpane.  Dei første dagane har dei køyrt i heisanlegg før dei har ein kviledag før ein lengre hytte- til hytte-tur med toppturer. Dei har vert litt i Innsbruck og ser ut som dei har det heilt topp på skitur!

Idrett er i Spania og først ute var Barcelona. Dei har fått sett byen frå sykkelsetet, vert på basketballkamp og ikkje minst var dei på Camp Nou og fekk sjå FC Barcelona mot Real Madrid, sjølvaste el classico. No har dei reist viare til Torrejeva i sør der dei er på treningsleir resten av opphaldet før turen går heim igjen. Her blir det bading, volleyball, fotball - ja alt du kan tenkje deg!

Nokre av elevane våre legg ut bileter på instagram - du finn desse under #sogndalfhs. Under har vi samla eit knippe biletar som viser elevane på tur. Her ser du bileter fra Ski og Klatring, Friluftsliv (nepal), Fotoreise og Idrett. 

 

 

 

Previous
Previous

Ledige stillingar ved Sogndal folkehøgskule

Next
Next

Sommar seniordans 2016