Stille på tunet

Det er ei stund sidan siste kullet forlét tunet her på Sogndal Folkehøgskole. Men det er liv i oss! Skulen har hatt to grupper med amerikanarar på "road scholar" programmet saman med Hallstein, vandreheim sesongen er i gong, og vi ser stadig tidlegare elevar på tunet. -Det er bra!

Det blir full skule til komande skuleår så no driv vi blant anna med litt planleggingsarbeid mens lærarane tek seg ein velfortent pause. Helge vaktmeister snikrar i veg, det er full drift på kjøkkenet og internata, så Helgheim søv ikkje!

Vi tillèt oss å poste dette bilete frå året vi har lagt bak oss. God sommar til dere alle!