Sommarseniordans 14.-19. juni 2017

Frå sommarseniordansen i juni 2016

For femte året på rad invitera Sogndal folkehøgskule til ei aktiv veke med dans, kåseri, ekskursjoner, kulturprogram og god mat i trivelege lokale 14.-19. juni 2017. Skulen er ein møteplass for aktive eldre frå heile landet som er glad i utfordringar, opplevingar og seniordans! Skulen ligg i sentrum av Sogndal og nær det spektakulære som norsk natur kan by på. Fjordlandskapet, isbreane og dei høgaste gjelltoppane. I tillegg til dans og mosjon tek vi deg med ut i noko av dette. Programmet er ei blanding av dans, mosjon, foredrag, utflukter og sosialt samvær. Skulen tilbyr forpleiing i trivlege internat, nokre rom med eige bad, og eit godt og variert kosthald i skulen sine flotte lokalar!

Det er tidlegare rektor på Sogndal folkehøgskule, Mai-Evy Bakken, som arrangerer sommarseniordansen, med Anne-Lise og Einar Brandshaug som instruktørar.

Program:

Onsdag 14.juni
07:00 Ankomst og innkvartering
18:30 Middag
09:30 Seniordans
Kaffe/te i peisestova - velkommen til Sogndal folkehøgskule

Torsdag 15.juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00 Morgonsamling
09:30-11:00 Seniordans og kaffe
11:15-13:00 Edvard Hoem "Slåttekar i himmelen"
13:00 Lunsj
14:30-18:00 Workshop "Mobilfoto" med fotolærar Sivelin Kjølstad
18:30 Middag
19:00-20:30 Seniordans etterfølgd av kaffe og samvær i peisestova

Fredag 16. juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00 Morgonsamling
09:30-11:30 Seniordans
11:45 Lunsj
13:00 Avreise Vangsnes/ Vik
14:15 Kulturvandring med Jens Brekke. Kaffe i Svingen
16:45 Avreise frå Vik
18:30 Middag
09:30-20:30 Seniordans. Kaffe/te

Laurdag 17. juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00 Morgonsamling
09:30-12:00 Seniordans m/kaffepause
13:00 Lunsj
ttermiddag til disposisjon for eigen improvisasjon
18:30 Middag
19:30 Kulturkveld med program og kaffi

Søndag 18.juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00-10:30 Seniordans
11:00 Avreise Borgund
12:30-14:00 Omvisning Borgund Stavkyrkje og besøkssenteret. Medbrakt lunsj
Ca. 14:00-15:30 Dei som vil gå Vindhella vegen, ca 2-2,5 km
19:30 Avslutnignsmiddag, kaffe/te m.m i peisestova

Mandag 19.juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00-09:30 Morgonsamling
09:30-11:00 Seniordans- siste finpuss
11:00 Lunsj og avreise. Høve til å lage reiseniste.

 

Korleis kjem du deg til Sogndal?

Ekspressbuss frå Bergem, Oslo og Trondheim
Hurtigbåt frå Bergen
Direkte fly (Widerøe) frå Oslo og Bergen, der flybussen stoppar ved skulen.

Kurspris:
Dobbeltrom med bad på gangen kr 5 700,-
Enkeltrom med bad på gangen (6 stk) kr 5 900,-
Dobbeltrom med bad (10 stk) kr 6 300,-
Enkeltrom med bad (4 stk) kr 6 900,-

Kursprisen er ein totalpris som dekker full pensjon, undervisning, alle utflukter og transport, foredrag og andre kulturinnslag.
vi tek atterhald om programendringar.

Påmelding
Meld deg på innan 1.mai 17 til Sogndal folkehøgskule. Vi tek i mot så lenge det er plass. Send epost til sogndal@sogndal.fhs.no for påmelding, sei frå om romønskje når du meld deg på. Så langt det rekker får du ønskje ditt.

For spørsmål, ta kontakt med Elise på epost eller tlf 57 62 75 75.

 

Velkommen til glade dagar!

 

 

 

Previous
Previous

Valgfagsblokk - like før avreise til utland

Next
Next

Ny video fra Fotoklassen