Ledig vikariat som kontorleiar i 80-100%!

Nuken.jpg

Sogndal folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg i sentrum av Sogndal. Skulen har ca. 90 elevar fordelt på linjene Fotoreise, FotoDesign, Friluftsliv, Idrett, Ski og klatring og Sykkel og ski.

Vi er ein allmenndannande skule, med vekt på personleg utvikling gjennom eit breitt fagtilbod. Verdiane våre er likeverd, demokrati og berekraftig fellesskap.

Ledig vikariat som kontorleiar på Sogndal folkehøgskule

Kontorleiaren vår skal ut i permisjon, og vi søkjer etter ein vikar. Vikariatet vil vere i 80-100 % stilling frå november og inntil eit år, med moglegheit for forlenging.

Hovudansvarsområdet til kontorleiaren er løn, rekneskap, rapporteringsarbeid og budsjettoppfølging i samarbeid med rektor. Stillinga inneber oppfølging av elevinnbetalingane, sentralbord og rapporteringar til Statens Lånekasse og Folkehøgskolene.

Økonomisk utdanning og praksis frå liknande arbeid vil bli vektlagt. Du må trivast i lag med ungdom, vere serviceinnstilt og kunne jobbe sjølvstendig. Løn og arbeidsvilkår etter avtale og kvalifikasjonar i tråd med skulen sin tariffavtale med Virke. Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Vil du vite meir om jobben, kan du ringe rektor Ole Karsten Birkeland på tlf. 950 32 287.

Send søknad med CV til Styret for Sogndal folkehøgskule på e-post sogndal@sogndal.fhs.no .
Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.

Søknadsfrist 24.09.2017.