Ledig stilling som kokk/ kjøkkenmedarbeider i 70-100%

friluftsliv7.jpg

Sogndal folkehøgskule har ledig vikariat som kokk/ kjøkkenmedarbeider i 70-100% 

Sogndal folkehøgskule vil styrke fokus på berekraftig, økologisk og kortreist mat. Me har om lag 100 elevar som skal ha mat kvar dag. No søkjer vi DEG som engasjert medarbeidar på laget!

Sogndal folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg i sentrum av Sogndal. Skulen har ca. 100 elevar. Vi har linjene Friluftsliv, Sykkel og ski, FotoDesign, Ski og klatring, Fotoreise og Idrett.

Sogndal folkehøgskule er ein allmenndannande skule, med vekt på personleg utvikling gjennom eit breitt fagtilbod. Verdiane til skulen er likeverd, demokrati og berekraftig fellesskap.

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak matlaging. Det følgjer også med oppvask etter måltid og noko reinhald av skulebygningar.

Det er ynskjeleg med fagbrev kokk, men relevant arbeidserfaring vert også vektlagt. Vidare må du vera fleksibel, nøyaktig og god til å samarbeida.

Løn etter tariffavtale. Som tilsett får du medlemskap i Statens pensjonskasse.

Stillinga er ledig fom. 11. September 2017 tom. 1. Mai 2018, med høve for forlenging.

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Renate Vik Vatlestad tlf 958 36 613.

Send søknaden med CV til:

Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no
Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.

 Søknadsfrist torsdag 24. august 2017.

Snart brakar det laus!

Snart er det start på eit nytt skuleår her på Sogndal folkehøgskule. Vi er klare!

Sjølv om dere som er dei nye elevane våre har fått ein del informasjon i skulebrosjyren, kan det vere ting de lurer på. Ta gjerne kontakt! SØNDAG 27 August er mottak, innflytting og oppstart, og vi tar imot dere fra 0900 og utover dagen. Etter kvelds 1900 er det den offisielle velkomsten i Amfiet vårt. Vi gleder oss! Du finner haustplanen her, (Vi tar forbehold at små endringer kan skje).

Sogn om sommaren

Sogndal er vakkert også om sommaren! Du kan gjerne ta deg ein tur hit, og bu på vandrarheimen. Det er masse å sjå og gjere. Jostedalsbreen er berre ein kort bil eller busstur unna, Sognefjellet og Jotunheimen ein snau time unna. Det er flotte fjell også rett utenfor vandrarheimen.

Gå inn på booking.com dersom du ynskjer ein rimeleg overnattingsalternativ i Sogndal.

Til inspirasjon

Treng du litt inspirasjon? Du som har vore tidlegare elev her på Sogndal folkehøgskule, eller du som skal vere elev hos oss til hausten?

Sjølv om det er sommar no, så legg vi ut nokre flotte bilete frå 2016-17. 
Då kan du drøyme deg litt bak eller framover i tid. Då kan du glede deg over det du har opplevd, eller det du kjem til å oppleve! 

Stille på tunet

Det er ei stund sidan siste kullet forlét tunet her på Sogndal Folkehøgskole. Men det er liv i oss! Skulen har hatt to grupper med amerikanarar på "road scholar" programmet saman med Hallstein, vandreheim sesongen er i gong, og vi ser stadig tidlegare elevar på tunet. -Det er bra!

Det blir full skule til komande skuleår så no driv vi blant anna med litt planleggingsarbeid mens lærarane tek seg ein velfortent pause. Helge vaktmeister snikrar i veg, det er full drift på kjøkkenet og internata, så Helgheim søv ikkje!

Vi tillèt oss å poste dette bilete frå året vi har lagt bak oss. God sommar til dere alle!

USA Studietur - Friluftsliv

Me er no tilbake i Noreg, og ser attende på ein fantastisk studietur i USA. Me var 34 stykker som reiste, og det var vel eigentleg ingen bortsett frå lærarane som visste kva me skulle gjøre. Det me visste ville møte oss var ei veke utan dusj, og elles veldig lite mobildekning.

Fyrste dag i USA blei me delt i to grupper, for me skulle no "rafte" på San Juan River. Her lærte me om indianar-historie, korleis folk hadde levd før og kor viktig elva har vore og enno er for lokalbefolkinga. Me fekk og sjå likheiter og skilnader på amerikansk og norsk friluftsliv, og maten var kanskje det som skilte seg mest ut i frå det me var vande med. Pølse i brød blei bytta ut med lasagne, hamburger og kake.

USA.jpg

Vêret var uforutsigbart, og me fekk nytta alle kleda me hadde med oss, frå shorts og t-skjorte til boble- og regnjakke, på ein dag! Men dei fleste klarte å skaffe seg ein fin farge, både brun og raud.  

Etter 4 dagar på elva, sa me farvel til våre guidar frå Deer Hill Expeditions, og reiste mot Arizona og Grand Canyon. På bilturen mot Grand Canyon, var me innom plasser som Mexican Hat, Goosenecks og Natural Bridges National Monoment. Me fekk òg sjå dei store skilnadene på fattig og rik i USA, men felles var at alle amerikanere var svært pratsomme og gjestfrie.

Grand Canyon var truleg for alle høgdepunktet på turen. Det å beskrive Grand Canyon er utruleg vanskeleg, for det er så stort, spektakulært og majestetisk! Etter å ha gått Grand Canyon, ned og opp, fikk me endeleg ta oss ein dusj og koble på nettet. Me hadde trudd det skulle bli vanskelegare uten nett, men me kjende meir på ei friheitskjensle utan snap og face hengande over oss.

Det beste med heile turen, var vel at me opplevde den fantastiske naturen USA har å by på i lag med gode vener som ein har blitt kjent i løpet av skuleåret.

Ledige stillingar ved Sogndal folkehøgskule

Vi har ledige stillingar hos oss frå august 2017:

  • Avdelingsleiar/ internatleiar 100 % fast stilling

  • Friluftslivlærar 100 % fast stilling

  • Friluftslivlærar 70-90 % midlertidig stilling

Sogndal folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg i sentrum av Sogndal. Skulen har ca. 90 elevar. Vi har linjene Friluftsliv, Sykkel og ski, FotoDesign, Ski og klatring, Fotoreise og Idrett.

Sogndal folkehøgskule er ein allmenndannande skule, med vekt på personleg utvikling gjennom eit breitt fagtilbod. Verdiane til skulen er likeverd, demokrati og berekraftig fellesskap

 

Avdelingsleiar 100 % fast stilling.

Stillingsomtale

Som avdelingsleiar/internatleiar får du personalansvar for tilsette ved kjøkken og reinhald. Vidare får du ansvar for opplæring av elevane i kjøkkenteneste, opplæring og oppfølging av elevane i reinhald ved internata o.l. Avdelingsleiar er tett på elevane og skal vere ein dei kan komme til med større og mindre utfordringar - som heimlengt, sjukdom, kjærleikssorg eller anna som kan komme på. Du får også ansvar for administrasjon av sommardrift og utleigeverksemd, dette saman med kontorleiar.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Leiar for kjøkken og reinhald
  • Organisere elevoppgåver i internat og fellesområde
  • Vaksenkontakt/samtalepartnar for elevane
  • Bindledd til helsetenesta
  • Utleige/sommardrift

Ønskja kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid med ungdom
  • Fagbrev kokk/ lærar/ sosinom/ vernepleiar eller anna relevant utdanning
  • Tillitsvekkande, engasjert og sjølvstendig

Personlege eigenskapar og erfaring vil bli tillagt stor vekt.

Det vil vere noko arbeid på kveld og helg. Løn og arbeidsvillkår etter avtale og kvalifikasjonar i tråd med skulen sin tariffavtale med Virke. Gode pensjons- og forskringsordningar. For meir informasjon om skulen, sjå her på heimesida vår.

Arbeidet i stillinga startar opp 15. august 2017. Har du spørsmål om stillinga? Kontakt rektor Ole Karsten Birkeland, tlf. 950 32 287.

Send søknaden med CV til:

Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no
Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.

 Søknadsfrist onsdag 3. mai 2017.

 

Lærar friluftsliv 100 % fast stilling

Vi har ei ledig stilling som lærar på linja «Friluftsliv». Vi ønskjer ein person med undervisningskompetanse og erfaring frå friluftsliv i ulike miljø.

 

Lærar friluftsliv 70-90 % mellombels stilling for skuleåret 2017/18

Vi har ledig stilling som lærar på linja «Friluftsliv». Vi ønskjer ein person med undervisningskompetanse og erfaring frå friluftsliv i ulike miljø.

 

Vi søkjer etter engasjerte personar som brenn for fagfeltet sitt. Det blir lagt vekt på at du har andre fagfelt som kan brukast i val- og fellesfag. Kunnskap og interesse for musikk er ein viktig miljøfaktor på skulen, og vil styrke søknaden. Du må vere glad i å vere saman med elevar, og å leggje til rette for læring og gode opplevingar på skulen og på turar. Målet er å gi elevane eit best mogeleg år på Sogndal folkehøgskule.

Sosialpedagogisk arbeid er integrert i stillingane; mellom anna som tilsynsvakt kveld/helg, og på ulike kvelds- og helgearrangement. Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale for tilsette i folkehøgskulen. For meir informasjon om skulen, sjå her på heimesida vår.

Arbeidet i begge stillingane startar opp 1. august 2017. Har du spørsmål om stillingane? Kontakt rektor Ole Karsten Birkeland, tlf. 950 32 287.

Send søknaden med CV til:

Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no
Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.

 Søknadsfrist onsdag 3. mai 2017.

Studieturene er igang!

Da har alle linjene våre kommet frem til sine respektive destinasjoner rundt om i verden.  Idrett er godt plantet på Copacabana stranden i Rio de Janeiro og har flere dager foran seg med idrett, møter med lokale idrettsorganisasjoner, samt besøk til favelaområder i åsene rundt byen. Ski og klatring har gode dager i Østerrikske Tirol og Fotoreise/FotoDesign er kommet vel frem til Vietnam hvor de har tilbrakt et par dager i Hanoi har reist videre til Halong Bay og Monkey Island.

Sykkel og ski er vel fremme i Nepal, og Friluftslivsklassene er kommet gjennom passkontrollen i Trump-land og videre til vakre Colorado og Utah. Akkurat nå flyter de nedover San Juan elva på store gummiflåter.

Vi får en del bilder og rapporter underveis, mest gjennom Instagram, men Nepal og USA gjengene hører vi vanligvis lite fra underveis, da disse er mye utenfor allfarvei og den digitale verdenen. Vi håper og tror at alle får en fantastisk studietur!

Valgfagsblokk - like før avreise til utland

Denne uken driver elevene våre med en intensiv periode på tre dager med valgfag -eller blokkvalgfag, som vi kaller det. På sløydsalen lages det longboard fra grunnen av, det lages collage, en gruppe er på tur på ski fra hytte til hytte i vakre Breheimen, en gruppe er på topptur for å nyte siste snøfall, og en annen gruppe driver med multisport - alt fra ballaktiviteter til klatring. Her er noen bilder fra et par av fagene.

Velkomen til avslutning laurdag 13. mai!

Til foreldre/føresette!

Vi avsluttar skuleåret 2016-17 på  Sogndal folkehøgskule laurdag 13. mai. Vi ønskjer dykk velkomne hit og håpar at så mange som muleg har høve til å vere tilstades. Programmet for avslutningsdagen ser slik ut.

 Kl. 10.30: Kaffi/te i peisestova for dei som kjem innom på formiddagen.
 Kl. 11.30: Avslutningsprogram i gymnastikksalen.
 Ca. kl. 13.00: Varmt måltid før heimreise.

Grunna måltidet er det fint om de gir oss ei tilbakemelding innan søndag 30. april. Send melding pr. e-post sogndal@sogndal.fhs.no
 .

I Sogndal er det fleire overnattings mulegheiter.

Her er nokre:

Quality hotel Sogndal
Best Western Lægreid Hotell
Hofslund Fjord Hotell
Loftesnes Pensjonat
Sogndal Lodge
Kjørnes Camping og Fjordhytter

Hjarteleg velkomne!
Sogndal, 15.03.2017


Med beste helsing
Ole Karsten Birkeland
Rektor

Jubileumstemne 19-21. mai 2017

Velkomne til jubileumsstemne ved
Sogndal folkehøgskule

 

Følgjande kull vert inviterte til jubileum i 2017:

Kulla 1966/67 – 1976/77 – 1990/91 - 1991/92 -  2006/07

 

Fredag 19. mai:
Frå kl. 17.00:               Innkvartering.
Kl. 19.00-20.00:           Kveldsmat.

Laurdag 20.mai:
Kl. 08.00 - 09.00:     Frukost.
Kl. 11.00:                    Folkehøgskulen før og no, i peisestova.            
Kl. 12.00:                    Lunsj.
Kl. 13.00:                    Kaffi og mimring i dei ulike kulla.
                                   Ta med bilde og andre minne frå skuletida.
Kl. 18.00:                    Festmiddag.
Kl. 20.00:                   Litt ymse frå scenekanten. Ope for elevinnslag!
Kl. 21.00:                    Dans og kaffi.

Søndag 21.mai:
Kl. 08.30 – 09.30:       Frukost og avreise.
 

Med beste helsing
Ole Karsten Birkeland
rektor

Vi tilbyr overnatting i nytt og nyrenoverte internat. Vi har berre 12 enkeltrom.                        
Det er fint om de seier frå kven de eventuelt vil overnatte saman med på dobbeltrom.

Priser jubileumshelg.                                                                                                                                

1. Full pensjon inkl. overnatting og alle måltider Kr. 1 600,-

2. Full pensjon frå laurdag til søndag  Kr. 1 100,-

3. Jubileumsarr. frå laurdag kl 11:00 inkl. festmiddag og dans Kr.  600,-

4. Festmiddag og dans  Kr.    400,-
 

Påmelding:
Fristen for å melde seg på er 1. mai.
Hugs å sei frå kva alternativ du skal ha og kva kull du høyrer til.
Du kan melde deg på slik:
- via e-post. sogndal@sogndal.fhs.no
- pr. tlf. 57 62 75 75                               

Vi ønskjer at de betaler over nettbank, konto 3705. 21.56662 ved påmelding.
Merk betalinga med namn+ jubileum.

Velkommen

Link til facebook side om jubileum; https://www.facebook.com/events/1256930074387789/

Sommarseniordans 14.-19. juni 2017

Frå sommarseniordansen i juni 2016

Frå sommarseniordansen i juni 2016

For femte året på rad invitera Sogndal folkehøgskule til ei aktiv veke med dans, kåseri, ekskursjoner, kulturprogram og god mat i trivelege lokale 14.-19. juni 2017. Skulen er ein møteplass for aktive eldre frå heile landet som er glad i utfordringar, opplevingar og seniordans! Skulen ligg i sentrum av Sogndal og nær det spektakulære som norsk natur kan by på. Fjordlandskapet, isbreane og dei høgaste gjelltoppane. I tillegg til dans og mosjon tek vi deg med ut i noko av dette. Programmet er ei blanding av dans, mosjon, foredrag, utflukter og sosialt samvær. Skulen tilbyr forpleiing i trivlege internat, nokre rom med eige bad, og eit godt og variert kosthald i skulen sine flotte lokalar!

Det er tidlegare rektor på Sogndal folkehøgskule, Mai-Evy Bakken, som arrangerer sommarseniordansen, med Anne-Lise og Einar Brandshaug som instruktørar.

Program:

Onsdag 14.juni
07:00 Ankomst og innkvartering
18:30 Middag
09:30 Seniordans
Kaffe/te i peisestova - velkommen til Sogndal folkehøgskule

Torsdag 15.juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00 Morgonsamling
09:30-11:00 Seniordans og kaffe
11:15-13:00 Edvard Hoem "Slåttekar i himmelen"
13:00 Lunsj
14:30-18:00 Workshop "Mobilfoto" med fotolærar Sivelin Kjølstad
18:30 Middag
19:00-20:30 Seniordans etterfølgd av kaffe og samvær i peisestova

Fredag 16. juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00 Morgonsamling
09:30-11:30 Seniordans
11:45 Lunsj
13:00 Avreise Vangsnes/ Vik
14:15 Kulturvandring med Jens Brekke. Kaffe i Svingen
16:45 Avreise frå Vik
18:30 Middag
09:30-20:30 Seniordans. Kaffe/te

Laurdag 17. juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00 Morgonsamling
09:30-12:00 Seniordans m/kaffepause
13:00 Lunsj
ttermiddag til disposisjon for eigen improvisasjon
18:30 Middag
19:30 Kulturkveld med program og kaffi

Søndag 18.juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00-10:30 Seniordans
11:00 Avreise Borgund
12:30-14:00 Omvisning Borgund Stavkyrkje og besøkssenteret. Medbrakt lunsj
Ca. 14:00-15:30 Dei som vil gå Vindhella vegen, ca 2-2,5 km
19:30 Avslutnignsmiddag, kaffe/te m.m i peisestova

Mandag 19.juni
07:30 Morgontrim
08:00-09:00 Frukost
09:00-09:30 Morgonsamling
09:30-11:00 Seniordans- siste finpuss
11:00 Lunsj og avreise. Høve til å lage reiseniste.

 

Korleis kjem du deg til Sogndal?

Ekspressbuss frå Bergem, Oslo og Trondheim
Hurtigbåt frå Bergen
Direkte fly (Widerøe) frå Oslo og Bergen, der flybussen stoppar ved skulen.

Kurspris:
Dobbeltrom med bad på gangen kr 5 700,-
Enkeltrom med bad på gangen (6 stk) kr 5 900,-
Dobbeltrom med bad (10 stk) kr 6 300,-
Enkeltrom med bad (4 stk) kr 6 900,-

Kursprisen er ein totalpris som dekker full pensjon, undervisning, alle utflukter og transport, foredrag og andre kulturinnslag.
vi tek atterhald om programendringar.

Påmelding
Meld deg på innan 1.mai 17 til Sogndal folkehøgskule. Vi tek i mot så lenge det er plass. Send epost til sogndal@sogndal.fhs.no for påmelding, sei frå om romønskje når du meld deg på. Så langt det rekker får du ønskje ditt.

For spørsmål, ta kontakt med Elise på epost eller tlf 57 62 75 75.

 

Velkommen til glade dagar!

 

 

 

Elevstemne 2017 - Program og påmelding

Lørdag 28 Januar regner vi med besøk fra våre "gamle" elever. For fjorårskullet vil det være mulig å bo på skolen* og ligge på "flatseng" på henviste plasser (A salen, evt. også B salen). (Andre kull må finne andre løsninger utenfor skolen.) 

Det blir kjekt å se dere igjen! Måltider på skolen avtales på forhånd -se påmeldingslista under. Velkommen!

*skolens regler gjelder også for gjester på skolen. 

Navy-pilots-pre-brief-naps.jpg

Laurdag 28 januar:

              

               08.00 - 09.00   Frokost

                10.00:                 Velkomen til Morgonsamling - Gymsal.

                10.30                  Linjeopplegg - Linjerom

                15.00                 Graut

               16.00 – 17.00:  Besøk på avdelinga di (Vis hensyn til årets elevar: Overhold tida og ta av deg på beina før du går inn ;O)

                                            Elevkveldsmimring (film frå el.kv. ifjor)

               1745                   Samling eldre kull

               1830                   Middag.

               2000                  Elevkveld med program av elevar.

                                           Kaffe og prat i peisestova!

PÅMELDINGSSKJEMA ELEVSTEMNE 2017
NAMN *
NAMN
Velg ditt årskull
Betaling overnatting/mat

Dersom du ønsker å spise på skolen:

NB! Betal direkte innen mandag 23 januar til skolens bankkonto 3705.21.56662 -eller VIPPS til #74487

Merk betalingen med navnet ditt og 'ELEVSTEVNE'.

NB: Du må gjøre opp for de måltider du merker av for.

Det er kun mulig å spise måltider som er listet opp under.
Merk av de måltider du ønsker på skolen.


Overnatting for fjorårskullet på flatseng i klasserom er gratis

Måltider jeg vil ha:
Overnatting på skulen - for fjorårskullet
Si ifra hvis du vil bo på skolen. Det er noen madrasser, men det er først til mølla her..
Evt. spesialdiett, spørsmål osv.

Velkomen til familiedag laurdag 26 november!

Sogndal folkehøgskule ynskjer dykk velkomne til familiedag på skulen laurdag 26 november. Vi håpar de kan nytte dette høvet til å bli litt betre kjende med oss og folkehøgskulelivet.

PROGRAM

Laurdag 26. november

  • Kl. 08.30 - 09.00:     Frukost for elevane.
  • Kl. 09.30:                   Morgonsamling i A-sal. Alle er velkomne!
  • Kl. 10.00 - 14.00:      Aktivitetar saman med elevane. Linjene presenterer seg.
  • Kl. 14.00:                   Graut/kaffi.
  • Kl. 15.15 - 16.00:      Om folkehøgskulen, spørsmål og svar for dei som vil i A-sal.        
  • Kl. 18.00:                   Middag.
  • Kl. 20.00:                   Festkveld m/elevprogram i gymsal. 
                                        Kaffi i peisestova.

 

PÅMELDING: Meld deg på her. 

Vi ber om påmelding på innan måndag 07.11.2016

 

PRAKTISK INFORMASJON.

Overnatting.

Vi kan vi dessverre ikkje tilby overnatting på skulen. Følgjande mulegheiter finst i nærleiken: 

  • Hofslund Fjordhotell, tlf. 57 62 76 00, sentrum
  • Quality Hotell Sogndal, 57 62 77 00, sentrum
  • Lægreid Hotell, 57 62 88 88, sentrum
  • Kjørnes Camping (hytter), tlf. 975 44 156, ca 3 km frå sentrum

Om dere kjem med bil og ikkje treng å bu midt i sentrum kan vi anbefale å sjekke ut desse nettsidene under. Dei ligg i avstanden ca. 15-30 min, og er vel verdt eit besøk!

Rødseter Inn (Fjærland)

Walaker Hotell (Solvorn)

Bestebakken (Hafslo)

Familiedagen kostar inkl. laurdagsgraut, middag og kaffi,-  kr. 290,- (born under 12 år kr. 145,-)  Betaling ved påmelding til konto 3705 21 56662 eller via Vipps (#74487). Merk betalingen med eleven sitt namn.

          

 

Med helsing alle på Sogndal folkehøgskule

Ole Karsten Birkeland, 
Rektor

 

Mitt folkehøgskoleår har forandret livet mitt!

Du trenger ikke være skolelei for å gå på folkehøgskole, men det er helt OK det også!

Den viktigste kvalifikasjonen for å gå på folkehøgskole er at du vil gjøre noe positivt for deg selv og bygge på det du er god på; at du vil noe med ditt liv!

Du har helt sikkert skjulte talenter, og vi gleder oss til å få oppdage disse sammen med deg.

Et folkehøgskoleår skal gi deg motivasjon og glede, tid til å være sammen med mange andre ungdommer hvor dere kan dyrke dine interesser. Du skal oppleve mestring i fag som du virkelig er interessert i, og oppdage nye og spennende fag også. 

Du kan få livsvarig vennskap med andre ungdommer fra hele landet -og utlandet. Ett år på folkehøgskole er absolutt ikke bortkastet. Du får så utrolig mye tilbake. 

Her kan du lese hva en av våre elever, Tuva Aasrud, sa om sitt år på Sogndal Folkehøgskule 2015-16, på den siste morgensamlingen 14 mai.

Mellom bakkar og berg ut med fjorden har vi funnet vårt hjem. Et nytt hjem. Et midlertidig, men trygt hjem.

Vi så ut på den ukjente fremtiden, den var skummel å legge ut på. Men vi turte! Og her har vi bygget et liv sammen, vi lært masse nytt og blitt kjent med hverandre. Vi har tilpasset oss, utviklet oss og på mange måter forbedret oss selv.

Vi kom hit alene, det var ingen som hadde bygget noen rammer her for oss, de måtte vi lage selv, det var ingen som hadde tråkket sporene, men vi har laget en sti. En del av den stien vi går på hele livet. Der den slutter må vi hver gang ta et nytt valg om hvilken vei neste skritt går.
Denne stien går ned og opp. For noen er stien brattere, lengre og mer krokete enn andre, men det samme gjelder alle: for hvert skritt vi tar så kommer vi videre. For meg har stien vært en ganske bratt og tung tur, men fy søren så fin utsikt det er på toppen.

Selv om dette var en klisjé metafor, så er det utrolig sant. Det er i motbakke det går oppover, for hvert lille skritt vi tar blir det bedre. Hvert lille mål man lager seg for å gjøre livet bedre, vil hjelpe! Jeg kan endre mitt liv, og du kan endre ditt liv. Drastisk også! 
Et stort skritt jeg tok var å søke her, og jeg er så uendelig glad for at jeg gjorde det.

Mitt folkehøgskoleår har forandret livet mitt! Reddet livet mitt hvis man kan si det på den måten. Jeg kan ikke huske at jeg har vært så lykkelig noen gang. Den følelsen av tilhørighet jeg har kjent på, det å bruke kroppen sin hver dag, det å oppleve den fantastisk vakre naturen som finnes i Norge, får meg til å føle meg hel. Jeg har merket i løpet av året her at jeg ikke lenger bare er en liten del av naturen, men naturen har også blitt en stor del av meg. Jeg er forelsket i landet vårt og får ikke nok, hehe.

Utpå vinteren tenker jeg i blant at jeg heller skulle vært i et lysere og varmere land, men så skinner plutselig sola på den hvite snøen, etter hvert på de grønne liene, den blinker i vannet og varmer huden min. Da skjønner jeg at det finnes ikke noe vakrere sted på denne jord enn Norge. 
Og dere, kjære venner, er med på å gjøre det enda vakrere! Både med tanke på utseende- fy søren så mye flotte folk- men også spesielt på innsiden. Det bor store ting i hver og en i dette rommet, som vi har alle vært så heldige å få oppleve deler av hverandre. Vi har trøstet hverandre, åpnet våre hjerter og funnet frem de innerste hemmelighetene, vi har oppmuntret hverandre, ledd sammen, klemt og kost, vært oppe litt lenger enn planlagt om kvelden, sett hverandre trøtte i trynet hver morgen, vi har sett hverandre både på topp og på bunn, vi har skapt relasjoner som, hvertfall for meg, betyr veldig mye.
Da vi satt og skrev i årbøkene her om dagen, så innså jeg hvor mye godt som finnes i hver og en- det så jeg både gjennom hva man fikk skrevet til seg- det var bare koselige, fine ord, men også i de som skrev. Alle her har evnen til å kunne si eller skrive noe positivt om alle på skolen. Og mene det! 
Det sier jo selvfølgelig noe om dere som personer.

Dere er gode, spreke, kloke, talentfulle, lyttende, trøstende, morsomme, omtenksomme, tullete, smarte og forståelsesfulle. Jeg er så glad jeg har fått oppleve litt av alt dette og jeg er så ufattelig takknemlig for at dere har hjulpet med til å få et så fantastisk liv som jeg har nå. Jeg tror at folkehøyskoleungdom er den beste ungdommen. Man blir mer åpen og aksepterende, men også mer kritisk og reflekterende i løpet av et år på folkehøgskole. Jeg tør å påstå at man blir litt klokere! Jeg vet hvertfall at jeg har blitt det! 
Jeg gleder meg så mye til å se alle igjen på reunion til neste år, og så må dere ikke nøle med å komme på besøk, dere finner meg her

Nå vil jeg gjerne lese et lite dikt av Hans Børli som heter junikveld. Jeg synes det passer godt, både fordi det har et viktig budskap jeg synes vi bør følge videre i livet, men særlig fordi jeg synes at det på en måte beskriver hvordan vi har det her på folkehøgskole, vi har nytt den tiden vi har hatt sammen, slappet av og opplevd ting. Vi har utnyttet tiden vår til det fulle, det må dere fortsette med.

Junikveld
Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen.
Og alt vi ser har dobbelt liv,
fordi vi sanser det sammen.

Se - skogsjøen ligger og skinner rødt
av sunkne solefalls-riker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv
er skriket som lommen skriker.

Og heggen ved grinda brenner så stilt
av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de hvitt i et pust av vind,
- det er som om noe haster...

Å, flytt deg nærmere inn til meg
her på kjøkkentrammen!
Den er så svimlende kort den stund
vi mennesker er sammen

Tusen takk for et fantastisk år med dere alle.