10 grunner til Sogndal folkehøgskule

Kvifor skal du gå på Sogndal folkehøgskule?

Dette sa eit av våre siste elevkull:

1. buforhold

Hjå oss har vi moderne buforhold! Vi har investert 30 millionar kroner for å totalrenovere vårt gamle internat, samt bygd eit nytt eit.

2. ungt miljø

Er du skeptisk til å flytte til ei mindre vestlandsbygd? Ikkje vèr bekymra for det. Sogndal er regionsenter og det er 3 000 andre studentar i same bygd som deg. I tillegg er det kjøpesenter med 60 butikkar og kino!

3. DIALEKTHJELP

Er du redd for å ikkje forstå den lokale dialekta med utrykk som «stao no pao» og «kest e da dao»? Ta det heilt med ro, du får eit lynkurs i «sognemaol» så fort du kjem hit.  

4. PUDDERSNØ!

Likar du å stå på ski? Vi har to skisenter 15 minutt unna skulen og fantastiske skiforhold i Sogndalsdalen for toppturar! Eit lokalt uttrykk er at der er mykje PTP-forhold, som står for pudder til pungen/puppane.  

5. BADESTAMPER

Vi har utandørs badestampar, perfekt til å slappe av i etter eit forfriskande isbad i fjorden eller ein lang tur!

6. BENSINSTASJON

Mister du frukosten støtt og stadig? Du slepp å gå svolten så lenge. Vår nærmaste nabo er ein bensinstasjon med pølser og kaffi. Eit godt tips er å handle statoilkopp/circkle k kopp, godt med ekstra påfyll på trøtte morningar!

7. BADING

Kvar månad er det månedens bad. Dei tøffaste hoppar uti fjorden frå skulen si brygge!

8. ENKEL TRANSPORT

Sogndal har eigen flyplass (Haukåsen) og flybussen stoppar rett ved skulen. Som student får du rimlegare billettar hjå Widerøe frå både Bergen og Oslo. Elles går det huritgbåt frå Bergen og bussar til både aust og vest. Om du ynskjer å ha med eigen bil er det også mulegheit for dette.

9. NOREGS BESTE UTE-PLASS

I 2011 vart Sogndal kåra til Norges beste Ute-plass av ski- og friluftsmagasinet Ute. Vi lever fortsatt på denne då det er ENDA betre forhold no enn då!

10.   FOLKEHØGSKULE ER DIGG! 

Å gå på folkehøgskule er ein opplevelse for livet. Vi håpar at akkurat DU vil gå hjå oss neste år!
Velkommen til Sogndal folkehøgskule!