10 grunner til Sogndal folkehøgskule

Kvifor skal du gå på Sogndal folkehøgskule?

Dette seier årets elevkull 2013/2014:

1. BUFORHOLD

Hos oss finn du topp moderne buforhold! Vi har investert 30 millionar kroner for å totalrenovere vårt gamle internat, og har også bygd eit heilt flunkende nytt. 

2. UNGT MILJØ

Skeptisk til å flytte til ei liten vestlandsbygd? Ikkje vær bekymra, kjære deg! Sogndal har 3000 studentar, kjøpesenter med 60 butikkar, kino og sist, men ikkje minst, kebabsjappe.

3. DIALEKTHJELP

Redd for å ikkje forstå den lokale dialekta med utrykk som «stao nao pao» og «kest e dao»? Ta det heilt med ro, du skal få lynkurs i «sognemaol» så fort du kjem hit.  

4. PUDDERSNØ!

Glad i å stå på ski? Vi har to skisenter 15 minutt unna, og støtt og stadig er det PTP-forhold i dalen. (Om det skulle være noen som helst tvil er PTP en forkortelse for pudder til pungen/puppene)

5. BADESTAMPER

Vi har utandørs badestampar, perfekt til å slappe av i etter eit forfriskande isbad eller ein lang tur!

6. BENSINSTASJON

Søv du over frukost? Du slepp å gå svolten av den grunn, skulens næraste nabo er ein bensinstasjon med pølser til 10 kroner.    

7. BADING

Vi har ei eiga brygge dei tøffaste badar frå året rundt.

8. ENKEL TRANSPORT

Sogndal har eigen flyplass, og som student flyr du for ei rimeleg penge frå både Bergen og Oslo. Hurtigbåt går det også frå Bergen. Ellers har Sogndal gode bussforbindelsar.

9. NOREGS BESTE UTE-PLASS

Sogndal ble kåret til årets Ute-plass i 2011 av ski og friluftsmagasinet magasinet Ute.

10.   FOLKEHØGSKULE ER DIGG! 

Og vi håpar at akkurat DU vil gå hos oss neste år. Velkommen!